Samla til Stortinget for E39

Fylkesordførarane i dei fire vestlandsfylka dreg i samla flokk til Stortinget måndag 11. mai for å argumentera for Kyststamvegen E39. Dei vil då nytta høvet til å tala varmt for framtidsvisjonen om ein ferjefri E39.

Saman for E39 Kyststamvegen: Fylkesordførarane Nils R. Sandal (Sp) – Sogn og Fjordane, Olav Bratland (H) – Møre og Romsdal, Torill Selsvold Nyborg (KrF) Hordaland, Tom Tvedt (Ap) Rogaland - kjempar for visjonen om ein ferjefri Kyststamveg.Stortingspolitikarane vil 11. mai få høyra at fylkesordførarane Nils R. Sandal (Sp) – Sogn og Fjordane, Olav Bratland (H) – Møre og Romsdal, Torill Selsvold Nyborg (KrF) - Hordaland, Tom Tvedt (Ap) Rogaland - kjempar for E39 og visjonen om ein ferjefri Kyststamveg.

Nasjonal Transportplan og Kyststamvegen var hovudsaka på møtet i Vestlandsrådet fredag 24. april. Behova for oppgraderingar av Kyststamvegen varierer frå fylke til fylke. Den 11. mai vil fylkesordførarane leggja fram ei felles, overordna prioritering for stortingspolitikarane.

Ryggraden på Vestlandet
Kyststamvegen E39 er ryggraden på Vestlandet, er politikarane frå Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal einige om. Sambandet har førsteprioritet i samtlege av dei fire fylka. Det skal ikkje Samferdslekomiteen på Stortinget vera det minste i tvil om når dei tek fatt på behandlinga av Nasjonal Transportplan i mai.

Slik tilhøva er i dag, er det mykje som manglar på at vegstandarden speglar folketal og verdiskaping i regionen. Smale vegar og mange ferjer inneber at kostnadene ved å transportera gods frå Stavanger til Ålesund er det mangedoble av å kjøra omvegen om Oslo. Resultatet er at tungtransporten kjører lange omvegar, med unødig slitasje på vegnettet i Austlandsregionen som resultat.

Etterslep
Som følgje av Forvaltningsreforma overtek fylkeskommunane frå årsskiftet ansvaret for store delar av Riksvegnettet frå Staten. Etterslep i utbygging og vedlikehald av denne delen av vegnettet tilseier at dei fire Vestlandsfylka bør få utvida den samla ramma i nasjonal transportplan, er representantane i Vestlandsrådet samde om.

Fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg vil i sin fylkesvise presentasjon kome inn på mellom anna Bybanen og andre viktige prosjekt i Hordaland.

Foto: Simon Sortland 07.05.2009 11:49
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart