Opprettheld VG3 formgjevingsfag på Stord

Hordaland fylkesutval har vedteke at klassen i VG3 formgjevingsfag ved Stord vidaregåande skule vert oppretthalden skuleåret 2009-10.

Vedtaket i fylkesutvalet var samrøystes.

Tom-Christer Nilsen (H) sette på vegner av Høgre, Kristeleg folkeparti og Fremskrittspartiet fram forslag om at klassen skal oppretthaldast. Forslag fekk tilslutning frå alle dei andre partia i fylkesutvalet.

Både på Stord og Bømlo
På grunn av at det berre er fem søkjarar til klassen, hadde opplærings- og helseutvalet tilrådd at klassen skulle leggjast ned og elevane få plass ved tilsvarande klasse ved Bømlo vidaregåande skule. Også ved Bømlo vidaregåande skule var det få søkjarar til klassen i VG3 formgjeving. Etter fylkesutvalet sitt vedtak vert det VG3 formgjeving både ved Stord og Bømlo vidaregåande skule komande skuleår.

Pressemelding frå Hordaland fylkesutval 28. mai 2009 (pdf-fil)

Stanley Hauge 28.05.2009 16:30
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart