Ein analyse av kultur- og idrettsområdet i Hordaland fylkeskommune syner at det er eit ønske om ei meir offensiv og tydeleg satsing på kultur og idrett. Både kulturlivet, kommunane og internt i fylkeskommunen er det semje om behovet for å tydeleggjera kul
Det er konsulentselskapet Headvisor som på oppdrag frå Hordaland fylkeskommune har utført analysen. Det er henta inn informasjon frå om lag 185 respondentar og tilbakemeldingane er samstemte i ønsket om ei klårare profilering av kultur og idrett i fylkeskommunen.
Tydelegare satsingsområde
Tilbakemeldingane frå respondentane viser at mange er nøgde med kultur- og idrettsarbeidet, men også at mange meiner det bør gjerast endringar og omprioriteringar. Fleire etterlyser ein meir heilskapleg kulturpolitikk med tydelegare satsingsområde og fleire kulturelle fyrtårn. I staden for å spreia løyvingane jamt utover, får fylkeskommunen råd om å skjera ned somme stader for å kunna prioritera viktige tiltak. I tillegg er det mange som framhevar behovet for auka løyvingar til kulturtiltak.
Aktiv profilering
Mange ønskjer også ein meir synleg kultur- og idrettspolitikk og meir synlege aktørar innan dette området i fylkeskommunen. Det blir framheva at altfor få kjenner til fylkeskommunen sin innsats innan kultur og idrett. Ei rekkje flotte aktivitetar og tiltak som skjer innan dette området er også lite kjende blant folk flest i Hordaland. Både administrasjonen og politikarane vert oppfordra til ei meir aktiv profilering av kultur- og idrettspolitikken.
Samarbeid og utvikling
Tilbakemeldingane frå kommunane og kulturlivet i Hordaland viser at dei viktigaste satsingsområda framover er samarbeid over kommunegrensene og samhandling med sentrale styresmakter om utviklingsarbeid. Kommunane og kulturlivet ønskjer også at fylkeskommunen i større grad skal vera tilretteleggjar og inspirator på kultur- og idrettsområdet. Det enkeltområdet som vert framheva som viktig framover er forvaltning av kulturminne og kulturmiljø.
Rapporten
Analyse av kultur- og idrettsområdet i Hordaland fylkeskommune (pdf-fil)