Ny milepæl for Bybanen

Med dei gamle trikkevognene og Trikkehallen på Møhlenpris som kulisser stod fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg som vertskap for den offisielle underskrivinga av driftskontraktene for Bybanen torsdag føremiddag.

Fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg og administrerande direktør Erik Bech-Jansen i Fjord1 Partner gratulerer kvarandre med drifftsavtalen for Bybanen. Administrerende direktør Oddmund Sylta i Skyss og dagleg leiar Carl Erik Nielsen(t.h) i Bybanen AS var også nøgde med avtalane.Fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg og administrerande direktør Erik Bech-Jansen i Fjord1 Partner gratulerer kvarandre med drifftsavtalen for Bybanen. Administrerende direktør Oddmund Sylta i Skyss og dagleg leiar Carl Erik Nielsen(t.h) i Bybanen AS var også nøgde med avtalane. 


Etter orientering om dagens museum og drift ved Tom Potter kunne fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg ynskja velkomen til ein stor milepæl for Bybanen, og ikkje minst for Hordaland fylkeskommune og Skyss.

Omgripande modernisering
- Det gjer meg stolt og glad å på vegne av Hordaland fylkeskommune få vere vertskap for denne viktige milepælen. Dagens kontraktsignering er eitt av mange viktige steg opp og fram mot eit moderne, effektivt og kundevenleg kollektivtilbod for innbyggjarane i Hordaland, helsa fylkesordføraren i sin opningstale.

Ho understreka at Hordaland fylkeskommune over fleire år har arbeidd med å legge grunnlaget for dei endringane i kollektivtilbodet som no er i ferd med å bli realisert. Selvold Nyborg trekte særleg fram opprettinga av administrasjonsselskapet Skyss og omfattande endringar i prinsippa for innkjøp av transporttenester. I tillegg til etableringa av Skyss, har Hordaland fylkeskommune nyleg oppretta jernbaneforertaket Bybanen AS.

- Alt i alt utgjer desse endringane og nyetableringane den største og mest omgripande moderniseringa av kollektivtransporten i Hordaland nokon sinne. Og det er ei heilt nødvendig modernisering og kvalitetsheving vi har igangsatt, understreka fylkesordføraren.

Nostalgi og framtid
Kontraktsansvarleg Karl Inge Nygård gjorde deretter klart for underskriftsseremonien med fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg, administrerande direktør Erik Bech-Jansen i Fjord1 Partner, administrerende direktør Oddmund Sylta i Skyss og dagleg leiar Carl Erik Nielsen i Bybanen AS i hovudrolla.

Seansen innbefatta signering av kontraktane som omhandlar drift av Bybanen, leige av driftshall, leige av sporvogner og tilgang til infrastrukturen (skinnegangen). Kontrakten med Fjord1 Partner om drift av Bybanen gjeld for dei komande 7 åra.

Fylkesrådmann Paul M. Nilsen, fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg og administrerande direktør Erik Bech-Jansen i Fjord1 Partner likte seg under trikketuren i BES sin gamle Berlinvogn. No ser dei fram til neste sommar då Bybanen med topp moderne vogner kjem i drift.

Fylkesrådmann Paul M. Nilsen, fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg og administrerande direktør Erik Bech-Jansen i Fjord1 Partner likte seg under trikketuren i BES sin gamle Berlinvogn. No ser dei fram til neste sommar då Bybanen med topp moderne vogner kjem i drift.

 
Kontraktspartnarane, som også var godt representerte frå Frankrike, og andre gjester fekk deretter eit nostalgisk kvarter med ein trikketur tur/retur Hulen i ein av BES sine Berlinvogner.

Det vart ei støyfull og ristande oppleving. Lydnivå og komfort vert noko heilt anna i Bybanen sine nye vogner levert av Stadler i Berlin.

I alt 12 vognsett vil trafikkera strekninga Bergen sentrum-Nesttun. Bybanen har opsjon på fire vognsett til som vil trengst når bybanen når frem til Lagunen. Eitt vognsett vil vere delt i tre seksjonar, og ha plass til maksimalt 270 passasjerar fordelt på stå- og sitteplassar.

bt.no: Bybanen kommer nærmere

Tekst og foto: Simon Sortland 15.05.2009 10:13
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart