Lønborg vgs vil etablera internasjonal helsearbeidarline

Lønborg videregående skole har fått klarsignal av Hordaland fylkesutval til å utgreia oppretting av ein internasjonal line i helsearbeidarfag. Planen er å oppretta lina i samarbeid med Helse Begen/Haukeland universitetssjukehus.

Planen er å kunna gje eit tilbod til framtidige helsearbeidarar om ei internasjonal line i helsearbeidarfag med delar av læretida på ein institusjon på Zanzibar frå skuleåret 2010-2011.

Rekruttering
Målet er å rekruttera fleire ungdomar til helsearbeidarfagutdanning. Elevane skal ha same læreplanar som ved det ordinære utdanningsløpet, men nokre fag og delar av utdanninga vil få endra rekkjefølgje då deler av prosjekt til fordjuping vil gå føre seg på Zanzibar.

Forprosjekt
Forprosjektet som skal gjennomførast i 2009-10 har ei kostnadsramme på 298 500 kr som Lønborg videregående skole dekkjer med avsette fondsmidlar.

Pressemelding frå Hordaland fylkesutval 28. mai 2009 (pdf-fil)

Stanley Hauge 28.05.2009 16:56
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart