Fylkeskommunen opprettar kulturelt utviklingsprogram

Hordaland fylkeskommune skal oppretta eit Kulturelt utviklingsprogram (KUP) som skal vera eit verkemiddel for større programsatsingar innan kulturfeltet, går fylkesutvalet inn for.

Fylkestinget skal handsama saka på tinget 9.-10. juni.

Målretta program
Det er ønskjeleg å samla ressursar til aktuelle kulturpolitiske innsatsområde i eit målretta program som kan gje tydeligare profil, grunnlag for gode spleiselag og krefter til tyngre løft innan prioriterte satsingar, heiter det i saksutgreiinga.

Tre hovudområde
Kulturelt Utviklingsprogram (KUP) skal fanga opp nye initiativ i den regionale kulturpolitikken med vekt på tre hovudområde; a) Utvikling av kunst- og kulturfeltet b) Kulturell infrastruktur og c) Kultur, næring og verdiskaping.

Finansiering
Programmet skal finansierast over satsing i kulturbudsjettet, omsøkte midlar frå Kulturdepartementet/andre statlege midlar, overføring frå Regionalt utviklingsprogram og konsesjonskraftinntekter.

Det er eit mål at programmet over tid får ei ramme som er tilstrekkeleg til at det vert eit kraftfullt verkemiddel. Kultur- og ressursutvalet skal vere vedtaksorgan for Kulturelt utviklingsprogram. Næringsretta satsingar innan kulturnæringane skal framleis handterast innanfor Regionalt utviklingsprogram.

Økonomiske rammer
Dei økonomiske rammene for Kulturelt utviklingsprogram skal avklarast nærare gjennom denårlege budsjettbehandlinga.

Fylkesutvalet går i denne omgang inn for at det årleg vert overført 1 mill. kr frå Regionalt utviklingsprogram til Kulturelt utviklingsprogram. Innanfor ramma av avsette konsesjonskraftinntekter til større regionale prosjekt skal 3 mill. kr overførast til KUP.

Kultur- og ressursutvalet
skal avgjera kva tilskotsordningar innan kulturfeltet  som det er aktuelt å leggja inn under Kulturelt utviklingsprogram.

Ordninga med Kulturelt utviklingsprogram skal evaluerast etter 3 år.

Pressemelding frå fylkesutvalet (pdf-fil)

Stanley Hauge 28.05.2009 16:50
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart