Ekstraordinær stønad til klaverakademi

Kultur- og ressursutvalet i Hordaland har vedteke å løyve 100.000 kroner i ekstraordinær stønad til Prof. Jiri Hlinka klaverakademi.

Akademiet vart starta hausten 2008 og har ikkje fått stønad frå Hordaland fylkeskommune før.

No er akademiet i ein vanskeleg finansiell situasjon og har søkt om ekstraordinær drift for å sikre drifta i år.

Akademiet er lokalisert til Rekstensamlingene i Bergen og er eit etterutdanningstilbod på høgt nivå.

Det er eit tilbod for unge, etablerte pianistar, for unge pianistar som alt har vunne pris eller har vært i finale i internasjonale klaverkonkurransar.

Bjarte Brask Eriksen 12.05.2009 13:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart