Ringeriksbana må stå ferdig i 2019

Ringeriksbana må verta ferdigstilt innanfor NTP-perioden 2010 – 2019, seier fylkestinget i Hordaland i fråsegna si til handlingsprogrammet for Jernbaneverket 2010-19.

Fylkestinget ber om at det vert vurdert å gjennomføra tiltak på Bergensbanen som gjev ei reisetid mellom Oslo og Bergen ned mot 4 timar i planperioden 2020.

Desse punkta vart samrøystes vedtekne.

Nye Vossebanen
Fylkestinget er nøgd med at det no vert bygd dobbeltspor mellom Arna og Bergen, med forlenging av kryssingsspor i Fløen og to spor i tunnelen gjennom Ulriken. Men mykje av Vossebanen er særs tilårskomen. For å realisera ”Nye Vossebanen” må tiltaka på banenettet halda fram. Fylkestinget ber difor om at arbeidet  med ny jernbanetunnel Trengereid - Takvam vert starta opp i NTP-perioden 2010 – 2019. (Samrøystes.)

Ringeriksbanen
Ringeriksbanen er det viktigaste enkeltprosjektet  for fornying og modernisering av Bergensbanen. Ringeriksbanen vil effektivisera og betra kapasiteten for gods- og persontrafikk på Bergensbanen, og kunna inngå i ein framtidig trase for høgfartsbane. Fylkestinget krev at planlegging og grunnerverv vert gjennomført straks og at arbeidet med Ringeriksbanen vert sett i gong i første halvdel av planperioden. Ringeriksbanen vert ferdigstilt innanfor NTP-perioden 2010 – 2019. (Samrøystes.)

Rassikring
Fylkestinget legg også vekt på at det er viktig å halda fram med arbeidet med rassikring og bygging av kryssingsspor og kryssingsspor med samtidskøyring langs Bergensbanen. (Samrøystes.)

Voss stasjon
Fylkestinget er positiv til at det i Jernbaneverket sitt handlingsprogram er sett av midlar til oppgradering av Voss stasjon til universell utforming. Voss er det viktigaste knute- og bytepunktet mellom buss og bane i indre strok av Hordaland. Det er viktig at dette arbeidet omfattar heile det funksjonelle stasjonsområdet, og ikkje berre det som blir nytta til jernbaneføremål. (Samrøystes.)

Alternativ godsterminal
For å sikra tilkomst og tilstrekkjelege areal for logistikk og godshandtering vil fylkestinget understreka at Jernbaneverket snarast må starta eit utgreiingsarbeid for å klargjere alternativ lokalisering av godsterminalen på Nygårdstangen. (Vedteke mot 4 (SV) røyster.)

Andre punkt
Fylkestinget arbeider for at jernbanen skal verta val nr. 1 for kollektivtransport mellom Bergen og Oslo. (Vedteke med 29 (H, KrF, Sp, SV, V, Raudt) mot 28 (Ap, Frp) røyster.)
 Fylkestinget vil vera ein god og aktiv samarbeidspartnar for Jernbaneverket for å nå denne målsetjinga. (Vedteke mot 14 (Ap) røyster.)

Stanley Hauge 11.06.2009 09:23
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart