Fordelinga av statlege kroner til kultur er svært skeiv. Kulturlivet i Oslo-området får fire gonger så mykje i statlege kulturmidlar, som innbyggjarar i resten av landet.
Dette går fram av ein rapport som Agderforskning i formiddag overleverer kulturminister Trond Giske.
Smerteleg
– Dette dokumenterer det vi har vore smerteleg klar over i mange år, seier fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg i Hordaland. Regjeringa må no løfta blikket og etablera ein forsvarleg nasjonal kulturpolitikk og ikkje berre satsa vidare på å etablera tunge nasjonale kulturinstitusjonar i Oslo.
Klare parallellar
Fylkesordføraren ser klare parallellar til det som vart avdekka i helsepolitikken for få år sidan. – I helsepolitikken har det i dei seinare åra vore satsa målmedvite på å retta opp tilsvarande ulikskap og å skapa ei meir rettvis fordeling av helsekronene til beste for menneske i heile landet. Vi forventar at regjeringa no tek eit tilsvarande grep innan kulturpolitikken.
Konkret innspel
– Regjeringa har no eit særs godt høve til å utvikla ein nasjonal, og ikkje berre ein statleg kulturpolitikk, særleg i samband med arbeidet med Kulturløftet 2.0, seier fylkesordføraren. Vi har til dømes gjeve regjeringa eit konkret innspel til vidareutvikling av regional og lokal kulturpolitikk gjennom etablering av Kulturelle utviklingsprogram i fylkeskommunane, slik Hordaland fylkeskommune no som første fylkeskommune legg opp til. Ved å støtta slike initiativ og samarbeida om regional kulturutvikling, vil regjeringa kunna få god draghjelp til å utvikla kultursatsingar over heile landet.
Spennande kulturelt tyngdepunkt
– Politikken med å byggja tunge nasjonale kulturinstitusjonar i Oslo bør no avviklast, seier fylkesordføraren. Bergen og Vestlandet er til dømes og eit spennande kulturelt tyngdepunkt i Noreg, og ein sterkare og vidare nasjonal satsing vil skapa større mangfald og sterkare engasjement i den samla nasjonale kulturpolitikken.
Størst eigenaktivitet
Sjølv om Oslo og Akershus får opptil fire gonger så mykje per innbyggar, er det i distrikts-Noreg eigenaktiviteten i kulturlivet er størst.
Støtte og samarbeid
– Dette syner at kunst- og kulturpolitikk må sjåast i samanheng, slik at vekselverknaden mellom profesjonelle kunstinstitusjonar og frivillig engasjement styrkast og vidareutviklast. Dette kan best gjerast gjennom målmedvitne satsingar der staten er open for støtte og samarbeid om regionale og lokale kulturpolitiske initiativ, seier fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg.