
Leiar Ingebjørg Astrup (nr. 2 bak t.v) tok imot våre venner frå Nedre Normandie denne veka. Framme f. v: delegasjonsleiar Arnaud Fontaine, Jack Maignan, Aparajita Chaudhuri, Jacques Le Vagueresse og Noëmie Berthet. Bak f.v: Christine Valle frå Economuseum-nettverket, Astrup, Jérome Chauvet, Michel Dupont, Jérôme Remy og Laurent Lecoeur. (Foto: Bjarte Brask Eriksen)
Våre franske gjester fekk først oppleva St. Hans-feiring i Gamle Bergen Museum før det offisielle programmet vart opna av opplæringsdirektør Svein-Erik Fjeld onsdag. Han la vekt på kor viktig det personlege samkvemet er i slike partnarskap, og rosa leiar Ingebjørg Astrup og Charlotte Lillefjære-Tertnæs ved Internasjonalt arbeid for eit flott program.
- Gjennom vårt innovasjonsselskap MIRIADE satsar Nedre Normandie stort på næringsliv, forsking og utvikling, sa Europa-ansvarleg Laurent Lecoeur i MIRIADE Innovation. (Foto: Simon Sortland)
Delegasjonen frå Conseil Régional Basse Normandie presenterte deretter ein presentasjonsvideo frå sin region. Dei la dessutan vekt på at samarbeidet mellom våre to regionar er inne i sitt 13. år, og ikkje minst at samarbeidet innan utdanningssektoren har vore ein suksess.
Her trakk dei også fram vennskapsarbeidet i elevutvekslingsprogrammet for jenter, Bayeux, som i år feirar 30 årsjubileum.
Kor viktig kyststripa og den maritime verksemda er, fekk vi fleire døme på. Kultur er også eit satsingsområde, og Les Boreales er i dag ein vidtfemnande kulturfestival som har vore arrangert 18 år på rad.
– Festivalen i 2010 kan bli dedikert til Norge og Hordaland, sa kunstnarleg ansvarleg Jérôme Remy i Les Boreales. (Foto: Simon Sortland)