
Byråd Lisbeth Iversen (f.v.) overrekte miljøfyrtårnsertifikatet til klinikksjef Johannes Langeland som er miljøansvarleg ved klinikken. (alle foto: Bjarte Brask Eriksen)
Gode rutinar
Saman med fire andre bedrifter i Bergen vart Nesttun tannklinikk heidra for miljøsatsing. Mange av dei tilsette deltok under utdelinga, i tillegg til fylkestannlege Inge Magnus Bruvik og overtannlege i Sentrum distrikt, Arne Åsan.
– Tannklinikken har fått gode rutinar for avfallshandtering og energisparing. Alle pc-ar og lys blir slått av når arbeidsdagen er slutt, og klinikken jobbar med haldningane til dei tilsette, sa byråd Lisbeth Iversen.
Betre verdiskaping
Ordninga med den nasjonale miljøfyrtårnsertifiseringa starta i Kristiansand i 1996. I dag er dette det miljøprosjektet som veks mest her i landet.
– Sertifiseringa bidreg til at både offentlege institusjonar og private bedrifter får betre verdiskaping. Svært mange har nytt godt av dette. Det kjem stadig nye krav, og vi må vere i forkant. Fokus er på lønssemd, indre arbeidsforhold og ytre miljø. For å bli miljøfyrtårn, må ein lage handlingsplan, sa Iversen.
Glad og nøgd
Det var ein glad og nøgd klinikksjef som tok imot miljøfyrtårnsertifikatet.
– Prosessen har gått svært greitt. Vi har brukt mest tid på å få til avfallshandtering og energisparing. Og ved innkjøp vel vi miljøvennlege produkt, sa klinikksjef Johannes Langeland.
Fjerde i Hordaland fylkeskommune
Nesttun tannklinikk er den fjerde institusjonen i Hordaland fylkeskommune som er miljøsertifisert. Først ut var Askøy vidaregåande skule. Deretter følgde Sørås tannklinikk og Årstad tannklinikk. Neste ut i fylkeskommunen er Engen tannklinikk der arbeidet starta i byrjinga av juni.

Dei fire tilsette ved Nesttun tannklinikk som var med i prosjektgruppa med å gjere klinikken til miljøfyrtårn med byråd Lisbeth Iversen (f.v.) Johannes Langeland, Astrid Halle, Linda Kobbeltvedt og Ellen Johannessen.