Vg 1 idrettsfag ved Stord vidaregåande skule si avdeling i Sveio (populært kalla golflinja) vert lagt ned frå skuleåret 2009-10, har Hordaland fylkesutval samrøystes vedteke.
Lågt søkjartal
Grunna lågt søkjartal var det ikkje grunnlag for å starta Vg1 klasse i idrettsfag i Sveio hausten 2009. Og med berre 11 søkjarar totalt til Vg2 og Vg3 vedtok fylkesutvalet å overføra desse klassane til Stord vidaregåande skule i Leirvik frå hausten 2009. Men golf-/sprangridingsundervisninga for desse elevane skal halda fram i Sveio.
Leigeavtale
I fylkesutvalet sitt vedtak heiter det at fylkeskommunen må forhandla med Sveio om eventuell avvikling av den eksisterande leigeavtale med Sveio kommune.
Leigeavtalen som vart inngått i 2006, for ein periode på 10,5, kan etter avtalen seiast opp etter fem år. Fylkeskommunen betalar årleg 1,06 mill. kr i leige for lokale og golfbane.
Pressemelding om vedtak i fylkesutvalet 18. juni 2009