Hordaland fylkeskommune deler i 2009 ut ein til tre kulturarbeidarprisar til enkeltpersonar, grupper, lag eller organisasjonar. Det er no tid til å føreslå kandidatar, fristen er 26. juni 2009.
Fylkeskommunen sin kulturarbeidarpris skal gå til enkeltpersonar, grupper, lag eller organisasjonar som har utmerkt seg med eit kulturarbeid som har eller har hatt mykje å seia for kulturlivet i Hordaland.
Grunngjeve forslag
Dersom prisen vert delt på tre kandidatar skal det vera ein hovudpris på 30 000 kronar, og to mindre prisar på 10 000 kronar kvar. Det står alle fritt å føreslå kandidatar til kulturarbeidarprisen. Forslaget skal vera grunngjeve.
Kriteria for å få prisen er:
Enkeltperson skal vera fødd og/eller busett i fylket. Gruppe, lag eller organisasjon må ha sitt virke i fylket. Den kulturelle aktiviteten som prisen blir gitt på grunnlag av, skal ha eller ha hatt mykje å seie for kulturlivet i heile eller delar av fylket.
Send forslaget ditt til:
Hordaland fylkeskommune
Kultur- og idrettsavdelinga
Postboks 7900
5020 Bergen
E-post: kultur@post.hfk.no
Frist: 26. juni 2009
Tidlegare tildelingar av Hordaland fylkeskommune sin kulturarbeidarpris:
2008: Kulturarbeidarpris til Venelaget Olav H. Hauge
2007: Kulturarbeidarpris til «Fargespill»
2006: Olga Breivik tildelt fylkeskommunen sin kulturarbeidarpris