Jens bergtok Odda-elevar

Russen ved Odda vidaregåande skule fekk ein fotoseanse utanom det vanlege då sjølvaste statsminister Jens Stoltenberg stilte seg opp midt blant dei tysdag 9. juni. Det vart også eit flott arrangement om ungdom og entreprenørskap, samt markering av rektors

Statsminister Jens Stoltenberg vart ein populær mann då han deltok på Odda-russen sin fotoseanse.
Statsminister Jens Stoltenberg vart ein populær mann då han deltok på Odda-russen 2009 sin fotoseanse.

Opplæringsdirektør Svein-Erik Fjeld i Hordaland fylkeskommune og avtroppande rektor Karl-Erik Christiansen ynskte statsminister Jens Stoltenberg og hans statssekretær Per J. Jordal velkomen til Odda vidaregåande skule. Jordal var russ -86 ved OVS. Etter eit kort møte med SMB (små og mellomstore bedrifter) møtte Stoltenberg elevar og lærarar i aulaen. Statsministeren hadde sjølv bede om at tema skulle vere ungdom og næringsliv. Han var for øvrig i Odda for å gå ”Bikubegang” med Frode Grytten og feiring av Odda Herreds Arbeiderparti sitt 100-årsjubileum.

Skule og næringsliv - hand i hand
Etter Ju Song Choe si flotte tolking av Øystein Sommerfeldt sin ”Vårlåt” på tverrfløyte vart scena overlete til dei fire elevane i ungdomsbedrifta Hardanger Tradisjon og Kultur som tok 3. plass i NM for ungdomsbedrifter i vår.
Ju Song Choe

Ju Song Choe opna møtet med statsministeren.

Livar Høyland Opedal, Terje Opedal, Marianne Bosdal og Katrine Moe oppmoda staten om å satsa på entreprenørskap heilt frå barneskulen av, og særleg i Hardanger. Kombinasjonen av teori og praksis har gitt dei ein stor læringseffekt, større sjølvtillit, stort nettverk, og blitt favorittfaget deira på skulen.

Statsminister Stoltenberg sa seg stolt over elevane Livar Høyland Opedal, Terje Opedal, Marianne Bosdal og Katrine Moe i ungdomsbedrifta Hardanger Tradisjon og Kultur. Påtroppande rektor Hilde Gjester Hoel til venstre.
Statsminister Stoltenberg sa seg stolt over elevane Livar Høyland Opedal, Terje Opedal, Marianne Bosdal og Katrine Moe i ungdomsbedrifta Hardanger Tradisjon og Kultur. Påtroppande rektor Hilde Gjester Hoel til venstre.

- Eg vonar bedriftene får like mykje ut av dette samarbeidet som skulen får, og no er vårt ynskje å få inn ein elevrepresentant i nettverksgruppa, sa Turid B. Hauso frå OSV. Ho understreka kor viktig dette arbeidet er for å auka kompetansehevinga.

Jan Ove Aasen frå SMB var også oppteken av kompetanse og styrking av samarbeidet med skulen. – Odda er best på kultur. Vi satsar på å bli best også på samarbeid skule og bedrift, sa Aasen.

- Bry dåke
- Eg ville kome til Odda vidaregåande skule fordi eg har høyrt så mykje skryt av dei flinke og kjekke elevane her. Med statssekretæren min frå Odda og ein hyggleg men masete ordførar, så har det og betydd ein del, opna Jens og hadde salen i si hule hand.

Statsministeren drog linene i norsk industrihistorie og stader som Odda sin spesielle plass i denne. Han kom inn på kor viktig det er med omstilling. Entreprenørskap er viktig for å få etablert nye verksemder når gamle arbeidsplassar går tapt. Staten si oppgåve i denne samanheng er å skapa rammeverket for å få dette til, til dømes ved hjelp av lågare rentenivå og statlege tiltak som nybygg.

- Mange entreprenørar tenkjer kanskje som så at politikk ikkje handlar om dei, at Storting og regjering er noko dei i Oslo og fjernsynet driv med. At det ikkje betyr noko for oss. Det er feil, og det er farleg. Ap sin største fiende, og alle andre parti, er Sofapartiet – dei uengasjerte. Det perfekte parti fins ikkje, men de må bry dåke om politikk. Så bruk røysteretten dykkar, oppmoda Jens.

Elev spurde statsministeren om lokalsjukehuset si framtid.

Elev spurde statsministeren om lokalsjukehuset si framtid.

Stoltenberg fortalde om si tid på vidaregåande, og hanka nok inn ein del framtidige røyster på denne seansen. Ni elevar fekk deretter stilla førebudde spørsmål, som varierte frå Haukelibanen til lokalsjukehuset og lærlingeplassar.

Rektorskifte
Før statsministerbesøket hadde opplæringsdirektør Fjeld møte med leiinga og personalet ved OVS. Her fekk han orientert litt om avdelingsstruktur, lærlingeplassar og andre spørsmål staben i Odda var oppteken av.

Opplæringsdirektør Svein Erik Fjeld og rektor Karl-Erik Christiansen ynskjer statsministeren og statssekretær Per J. Jordal velkomen til Odda vidaregåande skule.Opplæringsdirektør Svein-Erik Fjeld og rektor Karl-Erik Christiansen ynskjer statsministeren og statssekretær Per J. Jordal velkomen til Odda vidaregåande skule. I  bakgrunnen Odda-ordførar Gard Folkvord.

- Det er vemodig å takke av Kalle (Karl-Erik Christiansen) etter snart ti år. Han har vore eit kraftsentrum i rektorkollegiet, og hans politiske røynsle har vi nytt godt av. Det er synd å miste han, slo Fjeld fast føre den fulsette aulaen.

- Derimot er det ei stor glede å tilsetje Hilde Gjester Hoel som ny rektor, eit fyrverkeri av energi og faktisk årets æresruss. Eg er glad for at ho har teke på seg denne oppgåva, sa Fjeld.

 

Odda-ordførar Gard Folkvord, rektor Carl-Erik Christiansen, statsminister Jens Stoltenberg og opplæringsdirektør Svein Erik Fjeld.Odda-ordførar Gard Folkvord, rektor Carl-Erik Christiansen, statsminister Jens Stoltenberg og opplæringsdirektør Svein-Erik Fjeld.

 

Tekst og foto: Simon Sortland 10.06.2009 11:14
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart