Vedtaket vart gjort med 40 (Ap, SV, H, KrF, Sp, V) mot 16 (Frp, Raudt) røyster.
Fylkestinget tilrår opplegg for bompengeinnkreving og finansieringsplan for vidareføring av Bergensprogrammet i samsvar med vedtak i bystyret i Bergen, 25. mai 2009.
Fylkestinget rår til at passeringstaket vert endra frå 50 til 60 passeringar i løpet av ein kalendermånad.
Rabattsatsane i bompengeopplegget skal vurderast nærare i samråd med sentrale vegstyresmakter, seier fylkestinget.
Fylkestinget ber om at det i nært samarbeid med Bergen kommune vert sett i gang drøftingar med statlege styresmakter med sikte på å få øyremerkt statlege midlar til bybanen i tillegg til råmeløyvingane. (Dette punktet vart vedteke mot 14 (Frp) røyster.)
Bergensprogrammet del 2 omfattar vidareføring av bybanen frå Nesttun til Rådalen og andre etappe av Ringveg vest frå Sandeide til Liavatnet.
I perioden 2010-14 er investeringsramma for Bergensprogrammet del 2 på i alt 4 092 mill. kr. Av dette gjeld dette 1 536 mill. kr bybanen, 1 796 mill. kr Ringveg vest
Sosialistisk venstreparti føreslo at Skansetunnelen ikkje skal realiserast. Forslaget fekk SV sine fire røyster og fall.
SV føreslo også at i den nye bompengesøknaden skal vera ei fordeling med 80 % til kollektivtiltak og 20 % til veg. Forslaget fekk SV sine fire røyster og fall.
Venstre føreslo at det i samband med nærare vurdering av rabattsatsane i bompengeopplegget, også skal vurdera spørsmål om ulike prisar på ulike tidspunkt av døgnet (køprising). Forslaget fekk seks (V, SV) røyster og fall.
Raudt fremja alternative forslag til fleire punkt. Forslaga fekk Raudt sine to røyster og fall.