Fjord Norge vann kampen om Noregs største reiselivsprosjekt

Vestlandet har vunne kampen om å bli det framtidige nasjonale senteret for reiselivs-ekspertise. Tildelinga av den svært ettertrakta statusen sikrar at NCE Tourism – Fjord Norway får 130 millionar kroner over 10 år. Vestlandet blir eit lokomotiv for utvik

Kommunal- og regionalminister Magnhild Meltveit Kleppa (t.v.) kunngjer at Vestlandet blir lokomotivet for utviklinga av reiselivet i Noreg. 130 millionar kroner blir over dei neste 10 åra kanalisert gjennom markandsføringsselskapet Fjord Norge. Nummer to frå venstre er administrerande direktør Kristian B. Jørgensen i Fjord Norge.
Kommunal- og regionalminister Magnhild Meltveit Kleppa (t.v.) kunngjer at Vestlandet blir lokomotivet for utviklinga av reiselivet i Noreg. 130 millionar kroner blir over dei neste 10 åra kanalisert gjennom markandsføringsselskapet Fjord Norge. Nummer to frå venstre er administrerande direktør Kristian B. Jørgensen i Fjord Norge.

Det viktigaste reiselivsproduktet i landet
– Fjordane er det viktigaste reiselivsproduktet i landet, og vestlandsfylka kan vise til det lengste og mest vellykka regionale samarbeidet innan reiseliv, har dei mest kompetente bedriftene og dei sterkaste fagmiljøa innan reiseliv i landet, seier administrerande direktør Kristian B. Jørgensen i Fjord Norge AS. Han meiner ein ekspertsenterstatus vil få mykje å seie for regionen, og at det vil skape unike sjansar for reiselivsnæringa på Vestlandet.
 
130 millionar kroner
Over dei neste 10 åra vil Vestlandet få totalt 130 millionar kroner gjennom prosjektet. Dette fordelar seg med fem millionar kroner pr. år frå regjeringa gjennom statsbudsjettet. I tillegg stiller reiselivsnæringa og det offentlege i regionen med yttarlegare åtte millionar kroner pr. år. Norwegian Center of Expertise (NCE) er eit bedriftsretta utviklingsprogram i regi av Innovasjon Norge, SIVA og Forskningsrådet. Det finst i dag ni ulike NCE-prosjekt i Norge med internasjonal spisskompetanse innenfor sine respektive bransjer. 

Vinnaren i norsk reiseliv
– Fjord Norge har over lang tid tatt store marknadsdelar og er den store vinnaren innan norsk reiseliv. Samarbeidsmodellen i Fjord Norge er blitt ein referanse for andre regionar i inn- og utland. Vi har vist i praksis, gjennom mange år, at samarbeid på tvers av bedrifter og fylkesgrenser lønner seg, og no får vi betalt for dette fellesskapet, seier Jørgensen.
 
Fjord Norge er eit marknadsføringsselskap som koordinerer den internasjonale marknadsføringa for dei fire fylka Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane, og Møre og Romsdal.

Meir om det største reiselivsprosjektet i Noreg (pdf-fil)

11.06.2009 14:54
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart