Dei to første economuseum i Europa

Oselvarverkstaden på Osøyro og Aurlandsskoen i Aurland blir dei to første economuseum i Europa. Eit economuseum er retta mot reiselivet der ei levande handverksverksemd blir kombinert ved å setje handverkstradisjonane inn i historisk samanheng.

Internasjonal delegasjon
Ein stor internasjonal delegasjon er på Vestlandet, mellom anna for å få orientering om Oselvarverkstaden på Osøyro tysdag 30. juli kl. 16.00 og for å delta under opninga av det aller første economuseet i Europa, Economuseet ”Aurlandsskoen” i Aurland, onsdag 1. juli kl. 13.00 der mellom anna statsråd Liv Signe Navarsete kjem.

Pådrivar
Hordaland fylkeskommune er pådrivar for å få etablert economuseum i Nord-Europa.

Eit levande nettverk
I Canada er konseptet economuseum solid utprøvd med eit levande nettverk av 46 verksemder. EU satsar på å byggje opp liknande nettverk i Europa. Terje Inderhaug i Hordaland fylkeskommune er prosjektleiar for EU-prosjektet.

Reiselivsoppleving
Eit ”economuseum” er ikkje eit museum i vanleg forstand. Dette er handverksverksemder der produksjon av tradisjonelle og nyskapande handverksprodukt skal leggje til rettes for ei reiselivsoppleving der handverkstradisjonane og den historiske samanheng vert synleggjort. Verksemda får dermed også ein ekstra arena for omsetjing av sine produkt direkte til kjøpar, og såleis meir solid grunnlag for vidareføring av handverkskunnskapen.

Representantar for EU
Den internasjonale delegasjonen kom til Bergen måndag 29. juni. Med i delegasjonen er representantar for EU, for det internasjonale economuseprosjektet og representantar for economuseum. Frå Noreg kjem representantar for Kommunaldepartementet og for dei aktuelle kandidatane til å bli economuseum. Fylkesordførarane i Hordaland og Sogn og Fjordane blir og med. I tillegg til Os og Aurland skal delegasjonen få omsvising på Bryggen i Bergen, guided tur gjennom Austevoll og på Nærøyfjorden.

Føre båtbyggjarkunsten vidare
Oselvarverkstaden på Osøyro vart opna i juni 1997 for å ta vare på båtbyggjarhandverket i samsvar med tradisjonar og strenge krav til kvalitet, og å føra båtbyggjarkunnskapen vidare til nye generasjonar ved systematisk og grundig opplæring av nye båtbyggjarar. Oselvarverkstaden er ei stifting etablert etter tiltak frå Os kommune med støtte frå Norsk kulturråd og Hordaland fylkeskommune.

http://www.oselvarverkstaden.no/

Bjarte Brask Eriksen 30.06.2009 13:42
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart