Betre helse og helsevesen tema på Hordalandskonferansen

Korleis skal vi som bur i Hordaland få betre helse og betre helsevesen er det store temaet på Hordalandskonferansen torsdag 11. juni. Den går av stabelen på Hotell Norge i Bergen.

Konferansen er ein møteplass mellom kommunane og fylkeskommunen for å drøfte felles utfordringar og strategiar for fylket vårt.

Innleiing
Fylkesordførar Torill Selsvoll Nyborg skal innleie konferansen under temaet: ”Hordaland i dag: Kor står vi og kor går vi?”. Leiar i KS, ordførar Inge Reidar Kallevåg, stiller spørsmål om alt er vel i kommunane i Hordaland.

Ny utfordringar
Samhandling for eit endå betre helsevesen blir det store temaet før lunsj. Medlem i statsråden si ekspertgruppe og rådmann i Drammen, Nils Fredrik Wisløff, skal drøfte nye utfordringar kommune får i samhandlingsreforma.

Partnarskap
Etter lunsj blir tema partnarskap og samarbeid om folkehelse. Tema blir avslutta med diskusjon om korleis vi kan gjere Hordaland til det beste folkehelsefylket.

Ordførar og rådmann
Alle kommunane i fylket er invitert til å delta med ordførar og rådmann. Frå Bergen kommune er ordførar og byrådet invitert. Fylkesmannen og hans næraste leiarar er og inviterte. Frå fylkeskommunen møter fylkesordførar, fylkesutvalet og leiarane av fagutvala. Vidare møter fylkesrådmannen og avdelingsdirektørane.

Programmet for Hordalandskonferansen 2009 (pdf)

04.06.2009 15:22
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart