250 000 kr til oljefri.no

Fylkesutvalet har løyvd 250 000 kr til Naturvernforbundet i Hordaland sitt prosjekt oljefri.no.

Prosjektet oljefri.no  har som mål å medverka til at klimagassutslepp frå oljefyring vert redusert med 90 % innan 2014, og stimulera til lågare utslepp frå byggsektoren generelt.

Erstattar oljefyring
Prosjektet vart starta i mars 2008 og lansert i Bergensområdet i september 2008.

Prosjektet går ut på å tilby nøytral og uavhengig nettbasert informasjon om korleis ein kan erstatta oljefyr med meir klimavennlege oppvarmingsløysingar, tiltak for energifrigjering (= enøk), gode døme og aktuelle støtteordningar.

Heile Hordaland
Naturvernforbundet vil utvida oljefri.no til å dekkje heile Hordaland, og på sikt gjera det tilgjengeleg over heile landet. Det er framlegg om at prosjektet skal inngå i Miljøverndepartementet sitt program «Framtidens byer».

Stanley Hauge 19.06.2009 14:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart