Vil ta vare på handverksbedriftene

Hordaland fylkeskommune har denne veka vore vertskap for eit møte i Economuseeprosjektet som er eit samarbeid mellom regionar i Canada (Quebec), Nord Irland, Irland, Færøyane, Island, Grønland og Hordaland.

Utvalsleiar i kultur- og ressursutvalet Helge André Njåstad (f.v.), Cyril Simard som er grunnleggjaren av Economusée-konseptet i Quebec, samferdselsminister Liv Signe Navarsete og kst. fylkeskultursjef Ronny Skaar.
Utvalsleiar i kultur- og ressursutvalet Helge André Njåstad (f.v.), Cyril Simard som er grunnleggjaren av Economusée-konseptet i Quebec, samferdselsminister Liv Signe Navarsete og kst. fylkeskultursjef Ronny Skaar.

Bakgrunnen for samarbeidet er å skape ein europeisk modell for economuseekonseptet som er utvikla i Quebecprovinsen av Canda. Dette fordi gjennom dette konseptet kan ein ta vare på handverksverksemder og samtidig leggje til rette for formidling av kunnskap og auka sal på ein måte som sikrar at desse verdiane og kunnskapet kan bringast vidare til nye generasjonar.
 
Hordaland fylkeskommune er "lead partnar" i samarbeidet som er støtta av EU og som går over 3 år og på den tida vil ha etablert 18 nye economuseer i alle desse landa.
 
Tysdag kunne Hordaland fylkeskommune sin leiar i kultur- og ressursutvalet Helge Andre Njåstad offisielt opna nettstaden www.economusee.no som er overbygningen til economuseea i Europa. - Dette prosjektet gjer oss mulighet å ta vare på viktige handverksbedrifter i vår region og på den måten ta vare på vår egen identitet, seier Njåstad. Når prosjektet har fullført 18 etableringar vonar me at dette blir ein suksess slik at også andre handverksbedrifter vil fylgje etter og bli med i nettverket.
 
Onsdag opna det fyrste economusee i Europa, Aurland skofabrikk av statsråd Liv Signe Navarsete. Hordaland fylkeskommune, som har invitert Aurland med i prosjektet, er glad for å sjå synlege resultat etter mange års arbeid med dette. Dei neste månadane vil nye economusee i Europa opne på rekke og rad. I Hordaland er Oselvarverkstaden den neste som vil opne.

Den internasjonale delegasjonen hadde ei framifrå veke i Hordaland, med mellom anna vitjingar i Austevoll, Os og Bergen, i tillegg til opninga i Aurland.

03.07.2009 14:48
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart