Viktige datoar for inntaket til vidaregåande skular

Tysdag 4. august vert 2. inntaksomgang til dei vidaregåande skulane i Hordaland klar. Nedanfor finn du oversikt over viktige datoar for inntaket fram til skulestart 19. august og informasjon om inntak etter at skulane er i gang.

Viktige datoar
4. august: 2. inntaksomgang

11. august: Svarfrist 2. inntaksomgang

14. august: 3. inntaksomgang

19. august: Skulestart

Etter skulestart
Etter skulestart tar skulane utanfor Bergen kommune inn elevar sjølv. Ventelistene skal følgjast før dei kan ta inn heilt nye elevar.

Inntakskontoret fordeler ledige elevplassar ved dei vidaregåande skulane i Bergen fram til 1. september. Aktuelle datoar for tildeling av ledige plassar og annan informasjon, vil bli lagt ut på www.hordaland.no ca. 10.august.

OBS!OBS!
Merk at søkjarar som har fått tilbod om plass på det 1. kursønsket sitt, men ikkje på det første skuleønsket sitt, ikkje vil bli kontakta av Inntakskontoret sjølv om det blir ledig plass på høgare skuleønske etter skulestart.  Sjå ovanfor om tildeling av ledige plassar.

Kontaktinformasjon:
e-postadresse: inntak@post.hfk.no

Telefon: 55 23 94 60 mellom 08.15 og 12.45.

Besøksadresse:
Agnes Mowinckels gate 5, Bergen (Fylkeshuset—9.et.) mellom 08.00 og 12.45.

Nils Skavhellen/Stanley Hauge 30.07.2009 14:41
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart