Svarfristen for å ta imot plass i vidaregåande skule er utsett til fredag 31. juli, klokka 23.59.
Svarfristen for å ta imot tilbod om plass/ventelisteplass ved dei vidaregåande skulane i Hordaland gjekk ut ved midnatt måndag 27. juli.
Det er framleis ca. 1100 søkjarar som ikkje har svart på tilbodet.
Ny frist
Inntakskontoret har difor bestemt at svarfristen skal utsetjast til fredag 31. juli, klokka 23.59.
Dette gjeld berre for dei som ikkje har registrert svaret sitt. Dei som har registrert Ja/Nei svar har ikkje høve til å endre svaret på www.vigo.no, men må kontakta Inntakskontoret på e-post; inntak@post.hfk.no eller telefon 55 23 94 60 dersom dei ønskjer å endra på tidlegare registrert svar.
Mister plass
Dei som ikkje har registrert svaret sitt før den nye fristen går ut, mister automatisk plassen dei har fått tilbod om, og/eller blir strokne frå ventelistene.