Maritim-elevar imponerte bergensreiarar

Avgangsklassen for skipsteknikk (framtidige maskinsjefar) ved Bergen maritime fagskole imponerte bergensreiarar med hovudoppgåva som dei la fram i vår.

I eit par månader arbeidde fagskuleelevane med hovudoppgåva – ei prosjektoppgåve som gjekk ut på planlegging av 10 års klassing av ein «handy size bulk carrier», med innlagte småskadar og kontroll av alminneleg vedlikehald.

Presentasjon
Fredag 27. mars var det klart for prosjektpresentasjon med representantar for Grieg Shipping og Utkilen til stades.
 
For simuleringa si skuld vart skipet kalla M/S Simulator, men klassen hadde teke utgangspunkt i eitt av skipa til Griegstar (tidlegere Star Shipping), eit tørrlasteskip på ca. 46.000 dwt.
 
Frå venstre: Student Knut Endre Folkedal, senior prosjektingeniør Olaf Peter Tronvold (Grieg Shipping), rektor Anne de Lange, faglærar Einar Haavik og operasjonsansvarleg Alexander Paulsen (Utkilen).

Frå venstre: Student Knut Endre Folkedal, senior prosjektingeniør Olaf Peter Tronvold (Grieg Shipping), rektor Anne de Lange, faglærar Einar Haavik og operasjonsansvarleg Alexander Paulsen (Utkilen).

150-timars prosjekt
Studentane har jobba ca. 150 timar med prosjektet, og hadde ved sida av dagleg rettleiing av faglærarane Einar Haavik og Lars Hellevik, også søkt støtte hos Det Norske Veritas lokalt, pluss hos fleire av skipsreiarane i Bergen.
 
Anbodsinnbyding
Resultatet vart ein omfattande spesifikasjon på om lag 80 sider. Det er en anbodsinnbyding som kan sendast rundt til aktuelle verkstader vera over for at dei skal kunna prisa heile operasjonen med dokking og utføring av alle dei enkeltoppdraga som spesifikasjonen omhandlar.
 
Innbydinga er på engelsk, som er det internasjonale shippingspråket, men framføringa som fann stad i eitt av Bergen maritime sine flotte auditorium vart gjort på norsk/engelsk.
 
Imponert
– Eg er imponert over den kunnskapen elevane har tileigna seg på så kort tid, sa Einar Haavik, som la til: – Det skjer eit generasjonsskifte ikkje berre i reiarnæringa sine landsorganisasjonar, men like mykje innan skipsmekling og operasjon. Dei som tar ei profesjonell utdanning innan skipstekniske fag vil i løpet av dei neste åra kunne velja stillingar frå øvste hylle.

Mal for spesifikasjonar
– Har du og klassen lært noko av dette prosjektet? spurde vi Knut Endre Folkedal – ein av elevane i avgangsklassen for maskinistar ved Bergen Maritime.
 
– Ja, det vil eg absolutt påstå. Klassen har i samarbeid med DNV (Veritas) og nokre lokale skipsreiarar utarbeidd ein mal for denne typen spesifikasjonar som eg absolutt trur held høgaste standard. Heile malen er kodifisert, slik at ein enkelt kan finna den enkelte operasjon igjen i fartøyet sii vedlikehaldsprogram, for på det grunnlag å kjøra testar på simulator.
 
– Den malen eg har i handa vil eg kunna nytta i den vidare karrieren min innan næringa, avsluttar Knut Endre Folkedal.

Svært god oppgåve
– En svært god prosjektoppgåve som i stor grad viser kva vi gjer i shippingbransjen når vi skal innhenta pristilbod på dokking av skip. Svært godt arbeid, var kommentaren frå senior prosjektingeniør Olaf P. Tronvold i Grieg Shipping, som har ei rekkje nybygg og dokksettingar av skip bak seg.

Tekst/foto: Roald Sivertsen 23.07.2009 14:44
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart