– Dette stadfestar at Kvinnherad kommune har eit klart og tydeleg fokus på lokal næringsutvikling og entreprenørskap, fortel spesialrådgjevar Torill Monstad i fylkeskommunen si Strategi- og næringsavdeling.
Fire partar
Representantar frå den regionale partnarskapen Hordaland fylkeskommune, Fylkesmannen si landbruksavdeling og Innovasjon Noreg var torsdag 16. juli på møte med Kvinnherad kommune for å diskutere Kommuneprosjektet. Resultatet av møtet vart at Kvinnherad, som første kommune i Sunnhordland, signerte ein samarbeidsavtale for styrka satsing på lokal næringsutvikling og entreprenørskap.
Avbraut ferien sin
Rådmannen i Kvinnherad, Trond Sætereng, avbraut til og med ferien sin for å delta på møtet. «Dette viser kor viktig kommunane, og ikkje minst Kvinnherad, meiner arbeidet med lokal næringsutvikling er,» seier Monstad.
Kommunane det naturlege kontaktpunktet
Gjennom samarbeidsavtalen skal den regionale partnarskapen bidra til at kommunane skal verte endå betre til å arbeide med lokal næringsutvikling, og ein arbeidar for å gjere livet enklare for etablerarane. Kommunane er det naturlege kontaktpunktet for etablerarane, og saman skal ein styrkje kommunane sin kompetanse på etablerarrettleiing. Dette skal blant anna skje gjennom eit høgskulekurs hausten 2009 for dei som jobbar i kommunane med etablerarrettleiing, også kalla førstelinja.
Underskriving av samarbeidsavtale er eit sentralt ledd i Kommuneprosjektet, i tillegg til at partnarskapen tilrettelegg for nettverk, kompetanseheving, felles nettside, samt eit meir koordinert regionalt samarbeid om entreprenørskap.
Resten av fylket
Partnarskapen var i møte med Sveio kommune dagen før møtet med Kvinnherad. Her viste kommunen stor interesse for bodskapen til partnarskapen, med å stille heile fem representantar frå kommunen, blant dei både rådmann og varaordførar.
Partnarskapen hadde tatt ein liten pause no i ferietida frå arbeidet med å reise rundt til kommunane og informere om prosjektet, og er difor imponert over interessa frå kommunane.
Partnarskapen inviterer alle kommunane i Hordaland til å vise same engasjement som det Kvinnherad og Sveio gjer.
Voss var den kommunen i Hordaland som var aller først til å signere samarbeidsavtale, med Kvinnherad på ein svært god andreplass.
For meir informasjon om saka kontakt:
Torill Monstad i Hordaland fylkeskommune på tlf: 55 23 92 92 og
e-post: torill.monstad@post.hfk.no