Krev eins takst på lokaltoget Arna-Bergen

Etter at det vart innført eins takst på bussane i Bergen har det vore vesentleg dyrare å reise med tog Arna-Bergen enn buss på same strekning. Fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg ber i eit brev til samferdselsminister Liv Signe Navarsete om at NSB innfø

Avtale
I brevet viser fylkesordføraren til gjeldande avtale mellom NSB og staten som regulerer togtakstane. I denne avtalen er prisen Arna-Bergen 33 kroner for enkeltreise og 760 kroner for periodekort. Eins takst for bussane i Bergen vart innført 1. juli 2007. I dag er prisen for enkeltreise 24 kroner og 620 for periodekort.

Lite tenleg og urettvist
Fylkesordføraren ber om at departementet syter for a NSB blir tilført tilstrekkelege ressursar slik at dei reisande på Arnalokalen får same takst som gjeld for reiser med buss i Bergen.
I brevet viser fylkesordføraren til at takstnivået til NSB på Arna-Bergen er høgt, også samanlikna med prisane i andre norske byar. Det har og kome mange reaksjonar på at NSB sitt takstregulativ ikkje er koordinert med busstakstane. Dei reisande opplever dette som eit lite tenleg og urettvist tilbod.

Personleg møte
Fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg har tidlegare teke saka opp både i møte og i brev til konserndirektøren i NSB. NSB har svart at dei har ein avtale med staten og at takstane er regulert gjennom denne avtalen.

Les brevet frå fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg til samferdselsminister Liv Signe Navarsete (pdf)

Bjarte Brask Eriksen 07.07.2009 10:02
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart