Frå i dag 1. juli 2009 gjeld ny plandel i Plan- og bygningslova. Fylkeskommunen har fått vidareført eksisterande verkemiddel og lovfesta nye.
Dei viktigaste endringane for fylkeskommunen er at:
- Regionalt planforum er lovfesta
- Regional planstrategi som er ein plan for planlegginga i ein fylkestingsperiode er lovpålagt og skal godkjennast av regjeringa.
- Regionale planar kan utarbeidast for prioriterte tema, skal ha planprogram og kan eigengodkjennast av fylkestinget.
- Regionale planar kan ha juridisk bindande bestemmelsar for arealbruk som gjeld inntil fem år
Elles er ei rekkje av endringane relevant for fylkeskommunen både når det gjeld føremål, planprosessar og samspel med kommunale planar. For kultursektoren og samferdslesektoren opnar planlova for langt betre verktøy for å ivareta deira interesser. Ansvarsområde som klima, helse og næringsutvikling har fått større merksemd i den nye lova.
At fylkeskommunen skal bistå kommunane med kompetanse er fastslått i eigen paragraf i lova. Kommunesamarbeid har hatt ansvar for å opplæringstiltak i vår og fleire vil koma utover hausten og vinteren.
Les meir om planlova på kommunesamarbeid sine nettsider her:
www.hordaland.no/kommunedora
Marit Rødseth, Strategi- og næringsavdelinga