Første kursønske for 95,8 % av ungdomsskulekullet

Av dei ca. 6 400 elevane som gjekk ut av ungdomsskulen i Hordaland i år, har 95,8 % fått plass på første kursønsket sitt ved fylkeskommunen sine vidaregåande skular til hausten. Første inntaksomgang var klar 7. juli og 17 526 søkjarar har fått elevplass.

Prosentdelen søkjarar som har fått plass på 1. kursønsket sitt til hausten, er praktisk tala det same som i fjor då den var 96 %.

Ungdomsrett
For alle søkjargrupper med formell rett til vidaregåande opplæring – ungdomsrett – samla, får ca. 90 % av søkjarane plass på 1. ønsket sitt.

– Når inntaket er avslutta ved utgangen av august vil nok alle søkjarar – med ungdomsrett – som framleis ønskjer det, ha fått eit tilbod om vidaregåande opplæring for skuleåret 2009/10, seier inntaksleiar Nils Skavhellen ved Opplæringsavdelinga.

Andre søkjargrupper
For dei andre søkjargruppene, mellom anna dei med vaksenrett, er søkjartala heller låge, og desse vil i større grad få tilbod om plass seinare i inntaksperioden og etter skulestart.

Ledige plassar
Ved første inntaksomgang fekk 17 526 søkjarar skuleplass, av desse var 17 035 med ungdomsrett. Det er no 848 ledige plassar. Dei fleste ledige plassane er på Vg2 og Vg3 Studiespesialiserande utdanningsprogram. I yrkesfaglege klassar er det svært få ledige plassar, særleg i bergensområdet.

Poenggrense
Som vanleg er det ein del skilnad i poenggrensa for å koma inn ved skulane. Mest synleg er dette i bergensområdet. Også i år er det slik at ein del av bydelsskulane har nedre poenggrenser på nesten same nivå som skular i Bergen sentrum. Bydelsskulane har ofte fleire elevplassar å fylla enn sentrumsskulane, og korrigert for dette er nedre poenggrense for plass reelt sett høgare ved bydelsskulane, seier inntaksleiar Skavhellen.

Tilsvarande gjeld dette for dei fleste skulane utanfor Bergen. Til dømes har Knarvik vidaregåande skule nedre poenggrenser som er minst like høge som i Bergen. Også Sotra vidaregåande skule har god søking, mens det reelt sett er litt mindre søking til Askøy vgs.

Svarfrist 27. juli
1. inntaksomgang til dei vidaregåande skulane i Hordaland, skuleåret 2009/10, var ferdig den 7. juli-09.

Alle søkjarar som har oppgitt mobiltelefon har fått SMS om at dei kan finna inntaksresultatet sitt på www.vigo.no.  Dei som ikkje har opplyst mobilnummer får inntaksresultatet i posten.

Søkjarane har svarfrist til 27.juli. I den siste veka før svarfristen går ut vil det bli sendt påminningar på SMS til dei som ikkje har registrert svaret sitt på www.vigo.no

Meld inn nytt mobilnummer
Sjølv om det har vore mogleg å endra mobilnummer på www.vigo.no heilt sidan søknadsfristen gjekk ut den 1. mars er det etter måten svært mange som ringjer Inntakskontoret og opplyser at dei ikkje har fått SMS fordi dei har fått nytt mobilnummer.  Dette skaper mykje ekstra arbeid for Inntakskontoret, og søkjarane sjølv får ei utsetjing med å finne ut kor dei har fått plass, noko som ein del søkjarar blir «stressa av». Oppfordringa til søkjarane er: Så snart du får nytt mobilnummer, korriger det på www.vigo.no

Inntaksomgangar
2. inntaksomgang er 4. august og 3. inntaksomgang den 14. august.  Skulestart er 19.august.

Lenkje
Sjekk om du har fått skuleplass - 1. inntaksomgang klar

Stanley Hauge 08.07.2009 12:05
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart