Dei fire skulane ligg alle i Bergen: Bergen handelsgymnasium, Lønborg videregående skol, Tertne vidergående skole og U. Pihl videregående skole.
Fordeling
Samla får dei fire skulane 580 000 kr av dei 2 mill. kr som er fordelt i Hordaland for 2009, melder Senter for internasjonalisering av høgre utdanning (SiU) i ei pressemelding. Resten av tildelinga får til barnehagar og grunnskular i fylket.
Fordeling i Hordaland (pdf-fil)
Comenius
– Comenius-programmet gjev norske barnehagar og skular høve og midlar til å samarbeida med heile Europa. Me ser at europeiske skulesamarbeid gjev nye erfaringar, kontaktar og inspirasjon, og gjerne fører til ei kvalitetsheving i undervisninga, seier Vidar Pedersen, seksjonssjef for nordisk og europeisk samarbeid ved Senter for internasjonalisering av høgre utdanning (SIU), som er ansvarleg for EUs utdanningsprogram i Noreg.
Heile landet
I 2009 har 95 norske skular, barnehagar, kommunar og fylke til saman fått tildelt nærare elleve millionar kroner til europeisk samarbeid gjennom EUs Comenius-program.
Les også meir på www.siu.no
FAKTA om Comenius,
EU sitt utdanningsprogram for barnehage og skule:
* Comenius er ein av fire pilarar i EUs program for livslang læring. Dei tre andre er Erasmus (samarbeid i høgare utdanning) Leonardo Da Vinci (samarbeid i fag- og yrkesopplæringa) og Grundtvig (samarbeid for vaksnes læring).
* Programmet har som mål å styrka den europeiske dimensjonen i opplæringa ved å legga til rette for prosjektsamarbeid på tvers av landegrenser.
* Samarbeidet må bestå av minst tre barnehagar/skular frå minst tre forskjellige land. Minst eitt av landa må vera eit EU-land. Prosjekta får tildelt midlar for to år.
* Prosjekta kan ta opp tema som, kunst, vitskap, språk, miljø, kulturarv, bruk av IKT og interkulturell dialog.
* Nokre prosjekt rettar seg inn mot aktiv deltaking for borna, mens andre konsentrerer seg om pedagogikk eller leiing og involverer hovudsakeleg lærarar/førskulelærarar og administrativt personale.
Aktivitetar
* Eksempel på aktivitetar som kan gjennomførast i eit prosjekt er mellom anna:
• Partnarmøte og seminar
• Utveksling av undervisningspersonale og elevar
• Utveksling av erfaring og god praksis
• Framstilling av produkt, teikningar, kunstgjenstandar, osv
• Førestillingar (teaterstykke, musikal, osv.)
• Utstillingar og spreiing av eigeprodusert materiell
• Spreiing av resultat og erfaringar frå prosjektsamarbeidet
*Les meir på www.siu.no/comenius