Bergen maritime skole med fornya «vertias-sertifikat»

Etter ei grundig resertifisering av Bergen maritime videregående skole sitt kvalitetssystem har Det Norske Veritas fornya «Management system certificate» – som dermed vert gyldig fram til 18. mars 2013.

Kvalitet
Dette betyr at skulen sitt kvalitetssystem (KS) tilfredsstiller dei 100 krava i Det Norske Veritas sin «Standard for certification no. 3.401 – Maritime academies».

Årleg revisjon
Fram til en ny hovedrevisjon i 2013 må skulen gjennomgå ein årleg revisjon av DNV for å visa at dei held KS-systemet ved like og i bruk, og at det skjer ein kontinuerlig forbetringsprosess. Det siste er eit berande element i alt arbeid med kvalitetssikring.

Fornya kvalitetssertifikat for Bergen maritime videregående skole og maritime fagskole. Frå venstre: KS-leiar Roald Sivertsen, rektor Anne de Lange og Terje Skreien, revisjonsleiar frå Det Norske Veritas.

Fornya kvalitetssertifikat for Bergen maritime videregående skole og maritime fagskole. Frå venstre: KS-leiar Roald Sivertsen, rektor Anne de Lange og Terje Skreien, revisjonsleiar frå Det Norske Veritas.

Starta i 1997
Etter pålegg frå Sjøfartsdirektoratet starta arbeidet med å etablera et kvalitetssikringssystem ved Bergen maritime videregående skole og maritime fagskole allereie i 1997. Etter eit omfattande arbeid vart skulen i mars 2003 for første gong sertifisert etter den då gjeldande standarden frå Det Norske Veritas.

Hovudrevisjon
Ein ny hovudrevisjon vart gjennomført av Veritas i oktober 2008. Denne avdekka ei rekkje forbetringspotensial i skulen sitt kvalitetssystem. Skulen fekk frist til april 2009 for å retta opp desse forholda. Ansvareig for dette arbeidet var KS-leiar ved skulen, Roald Sivertsen.

Rapport
I rapporten etter ny revisjon 21. og 22. april i år skriv Veritas følgjande: «Med referanse til resultatene fra 2008 revisjonen, er det tydelig at Bergen maritime skole har gjort nødvendige og effektive tiltak for å bedre kvalitetssystemet og kvalitetsstyringen ved skolen.»

5. juni i år fekk skulen offisielt overlevert et nytt sertifikat gyldig til mars 2013.

Lenkje
Bergen maritime videregående skole og Bergen maritime fagskole

Bergen maritime vgs 13.07.2009 11:38
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart