1300 søkjarar til vidaregåande skular i Hordaland kan mista plassen sin på grunn av manglande svar.
Svarfrist
Svarfristen for å ta imot plass/ventelisteplass til vidaregåande skular i Hordaland går ut i kveld, måndag 27. juli, kl. 23.59.
Framleis er det 1300 søkjarar som ikkje har svart om dei vil ta imot plass eller ikkje. Desse kan no mista tildelt plass, eller bli strokne av ventelistene.
Påminningar
Inntakskontoret har den siste veka sendt fleire påminningar til søkjarane om at svarfristen nærmar seg, utan at dette har ført til så veldig mange tilbakemeldingar.
Enkelt å svara
Svarregistreringa kan gjerast enkelt på www.vigo.no uansett kvar ein måtte vera i verda, men hovudproblemet ser ut til å vera at mange søkjarar ikkje tek vare på brukarnamn/passord for å koma inn på denne sida. I tillegg er det etter måten mange søkjarar som ikkje har registrert sitt nye mobilnummer slik at dei ikkje får informasjon frå Inntakskontoret.
Nils Skavhellen/Stanley Hauge 27.07.2009 09:24