Fylkesrådmann Paul M. Nilsen og fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg saman med fabrikasjonsansvarleg for boreriggen Aker Barents, Torleif Bjelland (t.h).
Aker Solutions/Aker Stord AS er første bedrift ut i fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg og fylkesrådmann Paul M. Nilsen sine bedriftsbesøk i år. Grunna ei rad uheldige omstende vart det ein liten fylkeskommunal delegasjon som vitja den gamle industrikjempa på Stord. Konstruksjonssjef Stein Birger Lekven orienterte kort om verksemda sin historikk, pågåande prosjekt og utfordringar framover.
- I 2008 gjorde vi innkjøp for over 10 milliardar kroner, der 80 prosent var norske varer og tenester. Av dette vart 1,3 mrd kroner brukt i Sunnhordland. Her på Eldøyane har vi no ei industriklynge med 40 ulike verksemder og 400 tilsette. Mange av desse bedriftene er utspring frå verftet her, opplyste Lekven.
- Imponerande
Aker Solutions/Aker Stord AS ferdigstiller i desse dagar Aker Barents, den andre av tvillingriggane Aker H-6e. Den første, Aker Spitsbergen, for tida i Ølen hjå Westcon for å få det siste utstyret om bord som StatoilHydro treng når riggen skal bora sin førstebrønn i Norskehavet. Aker Barents skal Aker Exploration driva. Boreriggen skal vere mekanisk ferdig og levert frå Eldøyane innan 1. mars til sluttføring av testeprogrammet og sjøprøvar.
- Vi lærte mykje av arbeidet med Aker Spitsbergen, og har brukt ein millionar færre direkte arbeidstimar på Aker Barents. Vi vil også dra god nytte av uttestingane og sjøprøvane som Aker Spitsbergen har gjennomført, då riggane er identiske, fortel fabrikasjonsansvarleg Torleif Bjelland. Skipsingeniøren har vore med på heile oljeeventyret, og ”gift med denne riggen” i fire år. No gler eg meg til nye utfordringar. Vonaleg vert det Goliat, seier den sindige veteranen.
- Det er imponerande å sjå dimensjonane og arbeidet som vert gjort her, meiner fylkesordføraren.
Aker Barents, den andre av to tvillingriggar, som snart skal forlate verftet på Eldøyane.
Aker H-6e har eit skrog på 120x77meter, dekket er 90x70meter og det er 110 meter høgt ved toppen av boretårnet. På det meste har 4.500 personar frå 40 ulike nasjonar vore med i arbeidsrotasjonane på verftet for å gjera ferdig verdas to største boreriggar.
Ventar på Goliat
ENI skal bygge ut Goliat-feltet med brønnar på havbotnen knytt opp til ein sirkulær flytande produksjons-, lagrings- og losseeining (FPSO). Heile Aker-konsernet og Stord-samfunnet ventar framleis i spenning på om dei vinn kontrakten om Goliat-utbygginga i Barentshavet. Sevan Marine med hovudkontor i Arendal er utfordraren. Dei to har ulike løysingar innan FPSO-konsept. Aker sin Condeep Monofloater er ein flytande betongkonstruksjon. Vert dette konseptet valt, vil 80 prosent av verdiskapinga skje i Norge.
- Ei norsk løysing vil ha mykje å seia både for å ta vare på den kompetansen me alt har, og for vidare utvikling og innovasjon av olje- og gassrelatert industri i framtida, understrekar fylkesordførar Selsvold Nyborg. Ho lova å støtta Stord-samfunnet og Vestlandet vidare i kampen for å få kontrakten, og har skrive brev til både operatøren ENI og olje- og energiminister Terje Riis-Johansen.