Viktig møteplass for Hordaland

Næringsliv, kompetansemiljø, politiske mynde og organisasjonar har funne ein viktig møteplass for samråd om felles utfordringar for Hordaland i fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg sitt tradisjonsrike Nyårsmøte. Det vart stadfesta på årets nyårsmøte på R

Fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg opna Nyårsmøtet 2009 på Hotel Norge.
Fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg opna Nyårsmøtet 2009 på Hotel Norge.

Tradisjonen tru inviterte fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg til nyårsmøte også i 2009. Nyårsmøtet er eit samråd mellom sentrale aktørar innan politikk, nærings- og samfunnsliv, forsking og utdanning. Finanskrisa slår no inn i realøkonomien, særleg industrien, med full tyngde. Hordaland står føre store utfordringar. Nyårsmøtet 2009 sette fokus på kva som er dei viktigaste utfordringane for Hordaland i 2009, og  korleis vi i fellesskap kan fremje Hordaland sine interesser.

- Nyårsmøtet skal vere eit samråd for å drøfte Hordaland sine utfordringar i det nye året, og for å drøfte korleis vi best kan jobbe saman for å sikre Hordaland sine interesser. Oppslutnaden og deltakarlista syner at Nyårsmøtet er ei viktig arena for å få fram aktuelle problemstillingar og moglege løysingar, oppsummerer fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg etter eit vellukka samråd. 

Nyårsmøtet 2009 hadde 130 påmelde deltakarar med sterk representasjon frå næringslivsleiarar, utdannings- og kunnskapsindustrien, dei fleste ordførarane i fylket og 11 Stortingsrepresentantar på Hordalandsbenken. Møteleiar var fylkesvaraordførar Tom-Christer Nilsen.

Utsikter og utfordringar
Utsikter og utfordringar for Hordaland i 2009 var tittelen på opningsføredraget til fylkesordføraren. Ho sette spesielt søkelyset på industrien i Hordaland. Kva er status for denne viktige næringa i fylket vårt, og kva utfordringar ser vi vidare framover.

- Vi kjem sjølvsagt ikkje utanom finanskrisa. Dette møtet er ein god arena for å drøfte aktuelle mottiltak i Hordaland. Samtidig skal vi vere glade for at vårt varierte næringsliv gjer oss robuste og mindre sårbare enn mange andre fylke. Og for all del: La oss beholde optimisme og pågangsmot. No er det spesielt viktig, understreka Selsvold Nyborg.

Kommandør Thomas Wedervang frå Sjøkrigsskolen understreka betydninga det maritimet miljøet har for Hordaland, og at Bergen blir Norges største forvarsby.

Ola Borten Moe (Sp), leiar i Næringskomiteen på Stortinget, tok for seg kva nasjonale og regionale verkemiddel må til for å sikre vidare utvikling av norske industribedrifter. Leiar av Hordalandsbenken og avtroppande stortingsrepresentant Olav Akselsen nytta høvet til å skryta av Regjeringa sin politikk før stortingskollega Arne Sortevik la fram viktige synspunkt frå opposisjonen.

Kommandør Thomas Wedervang frå Sjøkrigsskolen understreka betydninga det maritimet miljøet har for Hordaland, og at Bergen blir Norges største forvarsby.

Humørfylt suksesshistorie
Viseadministrerande direktør Janne Vangen i tekstilbedrifta Janus AS eit humørfylt innslag om etableringa, veksten, motbakkane og dagens suksess for Espelandsbedrifta. Ho fekk forsamlinga til å gapskratte ved fleire høve, og avrunda med at ”Det finnes alltid muligheter i en truse fra JANUS”.  

Ei anna sukseshistorie kunne adm.dir. Knut Prestnes i HMR Group med base på Husnes i Sunnhordland fortelja om. På same måte som Vangen la han vekt på tilpassing og å finna nye måtar å drive på som eit suksesskriterium. Nye rammevilkår var også viktig i konserndirektør Jørgen Killdahl i Statkraft sitt innlegg der han understreka at Statkraft er ein trygg medspelar som leverandør av energi til industrien.

Rektor Sigmund Grønmo tok for seg Universitetet i Bergen si rolle og betydning som kunnskapsgrunnlag for næringsutvikling. Han understreka kor viktig samarbeid med både lokale og internasjonale miljø er i denne samanheng. Grønmo synte her mellom anna til utarbeidinga av handlingsplanen for UiB sitt tilhøve til omverda.

På ein interessant og tankevekkjande måte gav professor Gunnar Danbolt oss nye perspektiv på kunsten sin påverknad av korleis me tenkjer og ser ting i føredraget ”Vi lever ikkje av industri åleine!”

Bergens Tidende: Slik vil dei bruke krisemilliardane
Grenda: Når gode råd er dyre

Føredrag i pdf.format:
Nyårsmøtet 2009 TSN - final.pdf
Akselsen.pdf
Prestnes.pdf
UiB.pdf

Tekst og foto: Simon Sortland 08.01.2009 11:52
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart