Kultur- og ressursutvalet i Hordaland tilrår at den gamle Telegrafbygningen i Bergen blir freda. Saka blir no sendt ut på offentleg høyring. Endeleg vedtak skjer hos Riksantikvaren.

Den tidlegare telegrafbygningen i Starvhusgaten i Bergen, bygd i nyklassisistisk stil og som stod ferdig i 1927, kan bli freda. (foto: Bjarte Brask Eriksen)
Viktig signalbygning
Det er eigar av bygningen som har starta prosessen med freding. Føremålet er å sikre ein arkitektonisk og bygningshistorisk viktig signalbygning i Bergen sentrum. Telegrafen er eit svært godt døme på nyklassisismens inntog i Noreg på midten av 1920-talet. Bygningen har og stor byplanhistorisk verdi som eit viktig element i oppbygginga etter 1916-brannen.
Einaste i området med upussa teglfasade
Telegrafen stod ferdig i 1927 og var ein av få som fekk gatefasade på fire sider i likskap med Tinghuset som stod ferdig i 1933.
Telegrafen er og den einaste i dette området som fekk ein upussa teglfasade. Fredinga skal sikre dei delane av bygningen som er autentiske og har historisk verdi. Formålet er vidare å ta vare på bygningselement og overflater i dei delane av interiøret som er kulturhistoriske og høyrer til den sentrale funksjonen bygningen hadde som rikstelefon og rikstelegraf.
Ut på høyring
Saka går vidare til fylkesutvalet 22. januar. Eigar, kommunen og andre partar har høve til å uttale seg. Når høyringsfråsegnene er komne inn, blir fredingsforslaget revidert og går til Bystyret. Deretter tek Riksantikvaren stilling til saka. Vedtek Riksantikvaren freding, kan dette eventuelt påklagast til Miljøverndepartementet.
Bjarte Brask Eriksen 16.01.2009 11:53