Robothjelp til første spadetak for nye Osterøy vgs

- Det er ei æra og gleda for meg å kunna markera byggestart for nye Osterøy vidaregånde skule. Fylkesordførar Torill Selsvold Nygård trykka deretter på knappen til ein robot som tok det første spadetaket måndag 19. januar.

 
Fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg trykka på knappen, halden av Herlaug Bolstad, slik at roboten kunne føreta det første spadetaket for Osterøy vidaregåande skule.

Dei stråla lysare enn sola denne frosttunge morgonen som markerte ein ny æra på Osterøy. Saman med rektor Aud Søilen og ordførar Kari Foseid Aakre kunne fylkesordføraren ynskja elevar, tilsette, politiske kollegaer, næringslivet og entreprenørar til lukke med den store dagen. Eit unikt samarbeid som starta med eit initiativ i 2005 vil bli fullført med opning av nyeskulen til neste år.

Nye Osterøy vidaregåande skule vil bli det første fylkeskommunale bygget i kommunen, som også har stilt gratis tomt til disposisjon. Prosjektet er kostnadsrekna til 130 millionar kroner, og skulen vil ha plass til 214 elevar. I tillegg til skule vil bygget også innehalda fylkeskommunal tannklinikk og lokale for Kompetansesenter for avansert maskinering (KAM). 

Kompetansesenter
- Me i næringslivet er svært godt nøgde med samarbeidet me har med skulen og fylkeskommunen om utvikling av skulen, og ikkje minst utviklinga av Kompetansesenteret for CNC og robot som er blitt ei eiga avdeling ved skulen frå og med 1.1.2009, helsa leiar Lars Magne Bysheim i Osterøy Industrilag.

Fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg (t.v), Osterøy-ordførar Kari Foseid Aakre, rektor Aud Søilen, nestleiar Ingelin Vevle i elevrådet og leiar Lars Magne Bysheim i Osterøy Industrilag gler seg alle til den nye Osterøy vidaregåande skule står klar neste år.Fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg (t.v), Osterøy-ordførar Kari Foseid Aakre, rektor Aud Søilen, nestleiar Ingelin Vevle i elevrådet og leiar Lars Magne Bysheim i Osterøy Industrilag gler seg alle til den nye Osterøy vidaregåande skule står klar neste år.

Han understreka at kompetansesenteret kjem til å bli viktig for industrien i Bergensregionen og Hordaland. Kvalifisert arbeidskraft innan moderne teknologi med styrte maskinar og robotar er ein føresetnad for at me skal klare oss i den globale konkurransen. Bysheim peika også på at ein god vidaregåande skule er viktig for Osterøy-samfunnet.

- Det er kjærkome med aktivitet i byggjebransjen i desse tider. Me er imponerte over fylkeskommunen som ikkje berre byggjer etter minstestandard, men også byggjer ein kjempeflott verkstad for Kompetansesenteret for CNC og robot til ein ekstrakostnad på 10-12 mill kr, la Bysheim til.

Stolt rektor
- Etter mange opp- og nedturar med fleire trugsmål om nedlegging er det fantastisk at me er kome så langt i dag, stråla rektor Aud Søilen. Det er mogleg fordi så mange har engasjert seg i skulen som i fjor feira sitt 20 årsjubileum. Me er ein liten skule med eit stort tilbod, og det er utruleg at me får det einaste kompetansesenteret for CNC og robot i Hordaland.

Festmarkering i kantina med rektor Aud Søilen (t.h) som vertskap.

Osterøy vidaregåande skule har slitt med rekrutteringa, men det er å vona at me får drahjelp i dette arbeidet når nybygget står ferdig. I dag har me elleve klassar og 130 elevar på studiespesialiserande og yrkesretta fag. Me kan vere stolte over at me har lite fråfall og elevar som trivst, påpeika rektor Søilen.

- Me har store forventningar til nybygget, ikkje minst kantina og felles opphaldsrom, seier nestleiar Ingelin Vevle i Elevrådet. Ho stadfestar rektor sin påstand om nøgde elevar.

Festmarkering i kantina med rektor Aud Søilen (t.h) som vertskap.

Førsteårseleven på studiespesialiserande line er oppteken av at kvaliteten på møblane og inneklimaet vert forbetra i nybygget. Me brukar mykje tid i klasseromma, difor er dette viktig for oss, understrekar Vevle. Ho ser fram til at elevane får vere med i den vidare prosessen.

- Ikkje ein dag for tidleg
- Det er ikkje ein dag for tidleg at fylkeskommunen får eit bygg på Osterøy, meiner ordførar Aakre. Det blir viktig at våre ungdomar får ein spennande og attraktiv skule, slik at den også trekkjer til seg ungdom utanbygds frå. Det har me god tru på sidan vi får ei eineståande og den einaste line for CNC og robot i fylket. Eg vil og understreka det nære og gode samarbeidet mellom skule, næringsliv, kommunen og fylkeskommunen, helsa ordføraren.

PÅ denne tomta attmed rådhuset kjem nye Osterøy vidaregåande skule.- Det har vore ein kamp for skular som Osterøy vidaregåande, og det har vore eit spørsmål om å satsa eller ikkje. Elevane skal ha eit godt tilbod der dei bur, det ligg i botn, understreka fylkesordføraren. Når næringslivet stilte opp her ute, var valet enkelt. Ny vidaregåande skule på Osterøy har det vore semje om i alle utval og i fylkestinget. No gler eg meg veldig til opninga i 2010, helsa Selsvold Nyborg.

På denne tomta attmed rådhuset kjem nye Osterøy vidaregåande skule.

Bygdanytt: Robot tok første spadetak

Helsing frå fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg.pdf
Helsing frå leiar i Osterøy Industrilag.pdf
Tale rektor Aud Søilen.pdf

21.01.2009 11:33
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart