Prosjektleiar til plan for heiområda

Dei fem fylkeskommunane rundt Setesdals- og Ryfylkeheiane søkjer prosjektleiar som skal utarbeide ein felles fylkesdelplan for området. Fylkesdelplanen skal fokusere på bruk, vern og verdiskaping.

Heile utlysingsteksten (pdf)

Telemark, Aust-Agder, Vest-Agder, Rogaland og Hordaland fylkeskommunar skal utarbeide ein felles fylkesdelplan for Setesdal Vesthei, Ryfylkeheiane og Setesdal Austhei. Planområdet omfattar 17 kommunar. Vi søkjer etter ein prosjektleiar i 3 år.

Fylkesdelplanen skal fokusere på bruk, vern og verdiskaping med tema landbruk, villrein, energi, friluftsliv, kulturminne og reiseliv, og avklare framtidige arealbruksstrategiar.

Arbeidsstaden skal vere i ein av fylkeskommunane, Skien, Arendal, Kristiansand eller Stavanger. Ønska arbeidsstad må oppgjevast i søknaden.

Lønn etter avtale.

Meir informasjon om stillinga: Ola Olsbu, Aust-Agder fylkeskommune  tlf: 37 01 74 20 – 913 86 518

Søknad til:
Aust-Agder fylkeskommune
Serviceboks 606
4809 Arendal
 
eller postmottak@aa-f.kommune.no 

SØKNADSFRIST: 31. JANUAR 2009

Meir informasjon om stillinga (pdf)

19.01.2009 15:26
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart