
Diagrammet viser alle inngåande dokument i reguleringsplanar i 2007 og 2008 i Hordaland fylkeskommune, kvartalsvis.
Høgt planleggingsnivå
Kommunane og næringslivet i Hordaland held framleis eit høgt aktivitetsnivå i planlegginga. Etter fleire år med oppgang vart 2007 det første året med utflating i reguleringsplanaktivitet. Men i 2008 har fylkeskommune registret ein auke i talet på inngåande dokument i reguleringsplansaker frå året før. Oppgangen er på over 50 prosent men tala må korrigerast slik at den faktiske auken kan vera mindre.
Ingen plantørke i finanskrisa
Korleis tala skal tolkast er for tidleg å seia noko sikkert om og vil krevje ein grundigare analyse. Men sidan normalt 80 prosent av alle planane vert utarbeidde av private utbyggjarar, er det lite som tyder på at interessa for å leggja til rette for utbygging har minska i eit langsiktig perspektiv. Sjølv ikkje i 4. kvartal 2008 gjekk planaktiviteten ned, men det høgaste talet på plansaker vart registrert nettopp i siste kvartal.
Uklår årsak
Dersom desse tala attspeglar den verkelege aktiviteten, kan ein sjå for seg fleire forklaringar. Redusert byggjeaktivitet kan ha frigjort kapasitet til planlegging. Auka aktivitet i offentleg sektor kan kompensera for redusert aktivitet i privat sektor. Finanskrisa kan og ha framskunda realisering av verdiar i byggjeland. Redusert aktivitet kan og føra til auka tempo i offentleg sektor si sakshandsaming.
Planleggjarane travle
I alle fall ser det ut for at planleggjarar ikkje vert arbeidslause med det første. Kanskje kan nedgang i byggjeaktivitet gje oppgang i plankvalitet. Tala kan også tolkast som at planavklaring ikkje vil hindre byggjeaktivitet, men at finansiering kan stoppe både gjennomføring og på lengre sikt planaktivitet. Plansystemet er ikkje i same grad sett på prøve før, kor stor tregheit som er naturleg i desse langsiktige prosessane er det liten erfaringar med. Statistikken gjev til no ikkje grunnlag for pessimisme når det gjeld utvikling i byggjeaktivitet i eit lengre perspektiv.
Kontaktperson: Marit Rødseth, Strategi- og næringsavdelinga, Seksjon for kommunesamarbeid – 55 23 92 98