Torsdag 22. januar var det offisiell nyopning av «Norway House» i Brussel etter nærare 2 år med renovasjonsarbeid. Vest-Noregs Brusselkontor er ein av dei norske aktørane som no er samla i eitt felles hus – rett over gata for EU kommisjonen sitt hovudsete.
HKH kronprins Haakon ved nyopninga av «Norway House» i Brussel.
Kronprinsen vitja Vest-Noregs Brusselkontor
Om formiddagen, før den offisielle opninga av Norway House fekk HKH Kronprins Haakon ei omvisning hos dei ulike aktørane som held til bygget, saman med ambassadør Oda Sletnes. Hos Vest-Noregs Brusselkontor vart dei orienterte av direktøren ved VNB Merete Mikkelsen og styreleiar Monica Mæland, men tok seg og tid til å helse på dei andre medlemmane av brusselkontoret.
Praktikantordninga
Kronprinsen var særleg interessert i praktikantordninga. Både ambassadøren og praktikant ved VNB understreka at ordninga er eit ypparleg høve til å få ein betre innsikt i EU-systemet. Tidlegare på dagen hadde kronprinsen spurt ambassadøren om «rollefordelinga» mellom dei ulike norske aktørane, og om det var tydeleg utad kven dei snakka på vegner av. Ambassadør Sletnes hadde da uttrykt at ho ser denne variasjonen som ein styrke og at det sjeldan er noko forvirring. Direktør Merete Mikkelsen understreka den viktige rolla som regionkontora har i EU-systemet.
Offisiell opning av «Norway House»
Norway House husar den norske EU-delegasjonen, Noreg sin ambassade til Belgia, Sørlandets Europakontor, Toll- og avgiftsdirektoratet, Hydro, Statkraft, Energibedriftanes landsforeining og Orkla – i tillegg til Vest-Noregs Brusselkontor.
Den offisielle opningsmottakinga inneheldt talar av HKH kronprins Haakon Magnus, etterfølgt av Hans-Gert Pöttering – president i Europaparlamentet, statsbyggdirektør Øivind Christoffersen og statssekretær i UD Elisabeth Walaas (i utanriksminister Støre sitt sjukefråvær). Fleire av talarar understreka korleis det norske nærveret i Brussel no vart forsterka. Walaas meinte å vite at det berre var 32 meter frå ambassadøren sitt kontor og over til EU kommisjonen sin president Barosso sitt kontor.
Kronprinsen understreka i sin tale at sjølv om Noreg ikkje er medlem i EU er vi likevel ein del av Europa og skal vere sterkt til stades. Presidenten i EU-parlamentet svarte med å invitere oss med når vi måtte ønskje.
Den formelle delen av mottakinga vart avslutta av den norske jazzgruppa Dag Arnesen Trio.
Stor deltaking frå Vestlandet
Vest-Noregs Brusselkontor markerte nyopninga med eit miniseminar for medlemmane. Ca. 15 personar frå Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal var til stades på miniseminaret og opningsmottakinga. Dette var både representantar frå medlemmane og heimeapparata og medlemmar i styret, som har styremøte fredag 23. januar.
VNB hadde lagt opp til eit særs interessant program, men innleiingar frå både NHO Brussel, miljøråden og transportråden ved den norske EU-delegasjonen.
Styreleiar Monica Mæland (t.v.) og direktør ved VNB Merete Mikkelsen hadde gleda av å orientera kronprins Haakon om vestlandskontoret i Brussel.
Vest-Noregs Brusselkontor er no vel på plass i nye lokale vi kan vere stolte av; funksjonelle og representative. Fellesskapet med dei andre aktørane og nærleiken til sentrale EU-institusjonar er og det beste utgangspunkt for effektivt arbeid for medlemmane sit beste.
Lenkjer
Kronprins Haakon åpnet Norway House
Vest-Norges Brusselkontor
Europakontoret – Hordaland fylkeskommune