Gratulerer RegjeringaEg vil takka og gratulera Regjeringa og fiskeri- og kystministeren med ei klok og framtidsretta avgjerd om U-864 og kvikksølvlasta ved Fedje, skriv fylkesordføraren i brev til statsråd Helga Pedersen 30. januar.
MiljøtrusselDen 65 tonn store kvikksølvlasta i vraket av U-864 er eit miljøtrugsmål for heile kysten vår og spiskammeret Nordsjøen. Fjerning av denne trusselen for alltid er avgjerande for Noreg sitt omdøme både som fiskeri- og miljønasjon, seier fylkesordførar Selsvold Nyborg.
Rett avgjerdI dette perspektivet er Regjeringa si avgjerd om å heva «kvikksølvubåten» svært gledeleg, men også eit nødvendig og rett vedtak.
Argument når framAvgjerda som er teken, viser at dei demokratiske prosessane fungerer i samfunnet vårt. Det er mogleg å påverka og nå fram med gode argument. Det er uroa og kravet frå heile Vestlandet og langt utover landsdelen vår, som har fått gjennomslag, seier fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg.
PådrivarHausten 2003 vart det klart at vraket av U-864 inneheld store mengder kvikksølv. Spørsmålet om denne miljøtrussel vart handsama i fylkesutvalet 22. januar 2004 og i fylkestinget 17. mars 2004. I dei fem åra som har gått sidan har Hordaland fylkeskommune vore ein aktiv pådrivar for å få heva vraket og den miljøfarlege lasta.
Lenkjer:U-864 – oppsummering på Kystverket.no
Tidlegare oppslag om U-864 på på hordaland.no
Oppslag i nettaviserbt.no: Flagget til topps bt.no: Helga Pedersen snudde i tide ba.no: Helga-fest på Fedjenrk.no: Fedje-ubåten heves strilen.no: Flagget til topps og fest i fleirbrukshallen nordhordland.no: Vil hindra eit nytt «Murmansk»