Fylkesstøtte på 300 000 kr til Sævarhagen

Fylkesutvalet i Hordaland har løyvd 300 000 kr i tilskot til prosjektet «Etablering av Sævarhagen rehabiliteringssenter» på Stord.

Planen er at senteret skal driva med arbeidsretta rehabilitering.

Forslaget om tilskot vart sett fram av Pål Kårbø (KrF) på  vegner av Høgre, Kristeleg folkeparti og Fremskrittspartiet. Også dei andre partia i fylkesutvalet (Arbeidarpartiet, Sosialistisk Venstreparti, Senterpartiet og Venstre) slutta seg til forslaget som vart samrøysters vedteke.

Stord og SNU
Det er Stord kommune og Samspelsforum for Næringsutvikling AS (SNU AS) som har søkt Hordaland fylkeskommune om tilskot til eit hovudprosjekt om Sævarhagen rehabiliteringssenter (SRS) på Stord.

Rehabilitering
SRS er tenkt å dekkje behov for arbeidsretta rehabilitering med spesiell fokus på industriverksemdene, bedrifter med spesielle behov i høve til arbeidsbelasting, og offentlege arbeidsplassar. Hovudmarknaden er tenkt å vera Sunnhordland og Haugalandet.

Utgreiing og planlegging
Hovudprosjektet har som målsetting å gjera endeleg avklaring av eigarar og investorar, kundar, samarbeidspartnarar, tenestetilbod og ressursgrunnlag. Pluss planlegging  av byggjeprosjektet.

Dersom samferdselsdepartementet ikkje godkjenner ein fleirårig søknad vil fylkesutvalet søkja om belønningsmidlar for eitt år (2009).

Lenkje
Pressemelding med fleire vedtak frå fylkesutvalet 22. januar 2009

Stanley Hauge 22.01.2009 16:58
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart