Nilsen oppmoda alle til å arbeida for å få optimismen tilbake i næringslivet under opningstalen i Grand Selskapslokaler torsdag 22. januar. Regiondirektør Tom Knudsen i NHO meinte Næringsbarometeret er blitt eit viktig dokument, og vonar det gir både private og offentlege beslutningstakarar i Hordaland og Sogn og Fjordane eit solid grunnlag. Han peika på at sidan oppstarten i 2004 har det vore ein stor opptur heilt til det snudde i fjor.
Christian Rieber i GC Rieber AS tok opp spørsmål om eigenkapital i bedriftene, men var ikkje heilt nøgd med svaret han fekk.
Dobling i arbeidsløysa
Etter nokre år med årleg sysselsettingsvekst på 10 000 går no næringslivet i Hordaland og Sogn og Fjordane inn i ei tid med svakare vekst. Det er venta nullvekst i sysselsettinga og arbeidsløysa er på veg oppover.
- Vi er ikkje desperate enno, men finansnæringa må byrja fungera igjen så snart som råd, understreka Tommy Johansen i Entreprenørforeningen - Bygg og Anlegg. Han frykta at kapasiteten kan bli eit kjempeproblem i bygg- og anleggsbransjen når tidene igjen snur.

- Det er no vi må satse, for det er no vi har ein unik sjanse til å skape framtida vår, understreka Magnus Stangeland i Bergen Group. Det er dei som har dei beste produkta og dei beste verktya nokre år fram i tid som vil stå fra som vinnarane, meiner Stangeland.
Jakob Grieg Eide i Maritime Colours var samd, og peika på at ein ikkje må kutta i utviklingsarbeidet i nedgangstider. Heller styrka det. Både han og Stangeland representerer to suksessbedrifter, men fryktar mest for at deira kundar vil kunne få problem med finansieringa.
- Det er no vi må satse for å kome ut som vinnarar når tidene igjen snur, understreka Magnus Stangeland i Bergen Group og Jacob Grieg Eide i Maritime Colours.
Optimistiske sunnhorlendingar
Under presentasjonen på Stord Hotel fredag drog sjeføkonom Hallgeir Isdahl i Sparebanken Vest opp dei makroøkonomiske utsiktene. Sjølv om dei var heller dyster lesnad, såg også han lys i enden av tunnelen. – Vi vil kome ut av denne krisa også, men det nye er at alt no skjer så fort og uvissa er så stor.
Panelet på Stord ser fram mot lysare tider for sunnhordlandsregionen. F.v: sjeføkonom Hallgeir Isdahl i Sparebanken Vest, leiar Astrid Øverlid (NAV-Sunnhordland), Svein Hatlevik (Sunnhordland Eiendom Invest AS), teknisk sjef Jarle Myklebust (Leirvik MT), ordførar Kari Eskeland og senterleiar Hans Martin Haavik (Amfi).
- Det er i slike krevjande tider vi må så for å kunne hausta når tidene igjen vert gode. Det er no vi må satse på rekruttering, tenkje nytt og langsiktig. Bruk difor pakkane som Innovasjon Norge kan tilby, var den optimistiske bodskapen frå dagleg leiar Hege Økland i SNU.
Næringsbarometer Januar 2009.pdf
BA.no leiar: Pessimistisk næringsliv
BA.no: Dystre utsikter for næringslivet
NRK Hordaland: Fremtidsutsiktene kraftig forverret
hordaland.no: Utfordringar i vente
Bergen Næringsråd: - Må stimulere og se muligheter
NHO: Vanskelige utsikter for næringslivet
Sparebanken Vest: Optimistisk pessimisme
Tidlegare utgåver av Næringsbarometeret