Fylkesutvalet i Hordaland rår fylkestinget å godkjenna revidert bompengesøknad for Bømlopakken, og tilrår at bompengedelen vert utvida frå maksimalt 313 mill.kr (2005 kr) til 642 mill.kr. (2009 kr.).
Tilrådinga er gjort med 11 mot 4 (Frp, SV) røyster.
1 milliard kr
Kostnadsramma for Bømlopakka har auka frå 595 mill. 2005 kr til 1003 mill. 2009-kr. Det vert lagt opp til å utvida bompengeperioden frå 10 år til 15 år. Det er ingen endringar i takstar og rabattar i høve til opphaveleg bompengesøknad.
Fylkesutvalet viser til sitt tidlegare vedtak om bompengepakken frå 13.6.2007, og vil prioritera dei statlege midlane i finansieringsplanen innanfor ramma for det nye fylkesvegnettet frå 2010. I tillegg kjem prioriteringa innanfor ramma av dagens fylkesvegnett.
Bompengeselskap
Fylkesutvalet rår til å godkjenna at det vert etablert eit bompengeselskap for Bømlopakken der fylkeskommunen har eigarmajoritet og fleirtal i styret. Fylkesutvalet får fullmakt til å teikna aksjar i selskapet og oppnemna styremedlemmar for fylkeskommunen.
Garanti
Hordaland fylkeskommune skal gje sjølvskuldargaranti på inntil 350 mill. kr. til lån, som bompengeselskapet tek opp til delvis finansiering av Bømlopakken. Garantien gjeld i inntil 15 år. Fylkeskommunen kan krevja pant i retten til å krevja inn bompengar.
I fylkestinget
Fylkestinget skal handsama saka på møte 17.-18. mars.
Lenkje
Pressemeldingar om andre saker i fylkesutvalet 19. februar 2009