Stord
Stord vidaregåande skule hadde i laurdag 31.1. 2009 med 11 elevar og to lærarar til NM/Pivot Point cup. Skulen hadde fire elevar som deltok i Street Fashion herre og sju elevar som deltok i Steet Fashion dame.
Til alt overmål gjorde Stord elevane reint bord i damekonkuransen, med 1., 2., og 3. plass – pluss at dei tok 1. og 2. plass i lagkonkurransen.
Dette var stort for både dei som vann, lærarar og medelevar som har trena saman heile januar, fortel kontaktlærar Janne H. Kleppe.
Sotra og Årstad
I dameklassen Steet Fashion dominerte hordalandsskulane totalt. I lagtevlinga, der Stord tok dei to første plassane, kom Sotra vidaregåande skule – avd. Sund på tredjeplass og Årstad vidregående skole på 4. plass.
Individuelt tok hordalendingane dei åtte første plassane.
Voss sterke i herreklassen
I herreklassen Street Fashion var det Voss vidaregåande skule sitt lag som hevda seg best frå Hordaland. I lagtevlinga tok dei 2. plass og individuelt vart det 2. og 6. plass.
Fordjuping
Ved Stord vidaregåande skule har me valt å definera NM/Pivot Point cup som ein del av prosjekt til fordjuping. Elevane har fått ei oppgåve som samsvarar med teksten i konkurranseinnbydinga, fortel faglærar Ingrid K Skorpen.
I tillegg skal dei dokumentera idemyldring, planlegging, gjennomføring og evaluering på nettstaden FIFF.no. Dette skal klassen levera 9. februar. I tillegg valde altså 11 av elevane å visa produktet sitt under NM hår og skjønnhet i Oslo Spektrum 31. januar, med svært godt resultat.
Fint på CVen
For elevane er ein slik prestasjon vesentleg å ha med på CV-en når dei søkjer læreplass til hausten, seier kontaktlærar Janne H. Kleppe.
Resultatlistene
Lenkjer til resultatlistene
Street Fashion dame – individuelt
Street Fashion dame – lag
Street Fashion herre – individuelt
Street Fashion herre – lag
Lenkjer til oppslag på nettsider
Frisørelevar gjorde reint bord
Frisørfag i norgestoppen