Utdelinga av Gullsekken 2009 finn stad tysdag 17. mars under fagdagane for Den kulturelle skolesekken på Hedmarksmuseet i Hamar. To prisar vert utdelt, ein til beste skule og ein til beste produksjon. Kvar av prisane er på kr 100 000.
Samarbeid
Simons historie er eit samarbeid mellom Hordaland Teater, Sogn og Fjordane Teater og Den Nationale Scene. Framsyninga var på turne med Hordaland fylkeskommune, Den kulturelle skolesekken, hausten 2008, og vart vist både for 10. trinn og vidaregåande skule.
Simons historie er eit nytt stykke av dramatikaren Stig Amdam. Han tek utgangspunkt i ein klassisk situasjon, for å fortelje ei fleirtydig historie i moderne formspråk.
Manus og regi: Stig Amdam.
Med: Eirik del Barco Soleglad, Ingvild Torkelsen, Stine Varvin og Ragnhild Hjortøy.
Om Simons historie:
Simon (19) vervar seg som soldat i ein norsk NATO-styrke. Men når han kjem heim att, finn han seg ikkje til rette. Gjensynet med kjærasten Eva, blir heller ikkje som dei hadde venta. Simon veit ikkje lenger kva han vil med livet. Brått ei natt blir han arrestert. Som i eit kriminaldrama, med intense avhøyr og tilbakeblikk, blir ei skremmande historie avdekka lag for lag.
Chillegrunn
I fjor vart utstillinga ”Chillegrunn”, produsert av Hordaland fylkeskommune gjennom Den kulturelle skolesekken, nominert i klassen for beste produksjon. I kunstutstillinga medverka hordlandskunstnarane Kwestan Jamal Bawan, Pedro Carmona-Alvarez, Trine Lise Nedreaas, Dang Trinh Nguyen, Saman Kamyab og Rhoda Achieng Ondeng.
Meir informasjon om nominasjonen til Gullsekken 2009 på nettsidene til Den kulturelle skolesekken i Hordaland