Fylkestinget skal gjera vedtak i møtet 17.-18. mars.
Alle tiltaka som skal gjennomførast, kjem i tillegg til det som ligg i budsjettet for 2009.
Fylkesvegane
På fylkesvegane skal det setjast i verk ei rekkje mindre vedlikehaldstiltak. Dette gjeld tiltak som dekkelegging, siktrydding, rekkverktiltak, sikringstiltak i tunnelar og for bruer, trafikksikringstiltak og mindre utbetringstiltak. Det kan og vera aktuelt å nytta noko av summen til tiltak for å betra framkomsten for kollektivtrafikken.
Skulebygningar
Innanfor eigedomsvedlikehaldet vil midlane gå til eit investeringsprosjekt og ei rekkje mindre tiltak ved mange skular i alle delar av fylket. I alt er 52,7 mill. kr disponibelt, då dei 4,5 mill. kr til universell utforming også skal nyttast i skulebygningane.
Investeringsprosjektet er nytt varme- og ventilasjonsanlegg i «gamlebygget» ved Knarvik vidaregåande skule til 5 mill. kr. Prosjektet som er planlagt utført i 2010-11, vert framskunda til 2009.
43,2 mill. kr skal brukast til vedlikehaldsprosjekt ved skulane. Midlane vil gå til el-arbeid (7,7 mill. kr), utbetring av tak (11,8 mill. kr), skifting av vindaugo (3,4 mill. kr), fasaderehabilitering (13,5 mill. kr), mindre utomhusarbeid (0,8 mill. kr) og diverse bygningsmessig arbeid (6,0 mill. kr).
Universell utforming
Tiltakslista for kva som skal setjast i verk innan universell utforming er ikkje klar. Men det vert sett av 4,5 mill. kr for å utbetra tilhøve som er påpeika i kartleggingsrapporten.
Brannsikring
I eit oversendingsforslag til fylkesrådmannen ber Frp/H/KrF om at det vert innarbeidd tiltak knytt til brannsikring av kulturminne innanfor ekstraordinært byggvedlikehald.
Lenkje
Pressemeldingar om andre saker i fylkesutvalet 19. februar 2009