Forskingsverkstad ved Nordahl Grieg vgs

Nordahl Grieg videregående skole, som Hordaland fylkeskommune skal opna i Bergen i 2010, får eigen forskingsverkstad.

Hordaland fylkesutval har godkjent at studietilbodet vert lagt om i høve til vedteken plan. Tilbodet om studiespesialisering med formgjevingsfag vert ikkje sett i verk. Dette utdanningsprogrammet har hatt låge søkjartal, og slik det ser i dag vil det vera svært vanskeleg å fylla desse elevplassane.

Forsking
No vil delar av areala til studiespesialisering med formgjevingsfag verta fleksibelt innreidde til bruk for forsking, teknologi og innovasjon tilpassa alderssteget for vidaregåande opplæring. Formgjevingsverkstaden vert gjort om til forskingsverkstad for eksperimentelt arbeid, og
dei andre undervisningsareala vert fleksible areal til bruk for kreativt teknologisk arbeid.

Partnarskap
Areala vert tilrettelagde for å jobba med integrerte læreprosessar og skal nyttast på tvers av alle programfaga på skulen. Rektor har knytt kontaktar med eksterne kompetansemiljø innan næringsliv og
høgskule/universitet for samarbeid og forpliktande partnarskap.

Elevtal
Overgangen frå ”forming til forsking” inneber at elevtalet totalt vert redusert med om lag 45
elevplassar til ca. 835 plassar. Endringane ikkje vil ha nemnande økonomiske konsekvensar for byggjeprosjektet.

Service og samferdsel
Innan utdanningsprogrammet Service og samferdsel for Vg2 vert to klassar endra frå Sal, service og tryggleik og Reiseliv til IKT-driftsfag frå skulestart 2010.

Lenkje
Pressemelding om andre vedtak i fylkestinget 19. februar 2009

Stanley Hauge 19.02.2009 21:21
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart