Bergen maritime satsar halv million på hydraulikk-opplæring

Ein halv million kroner har Bergen maritime videregående skole satsa på nytt hydraulikk-utstyr. – No har vi tipp-topp moderne utstyr til å utdanne elevane i faget, seier lærar Reidar Gjesdal.

Lærar Reidar Gjesdal og rektor Anne de Lange med det nye hydraulikkutstyret til Bergen maritime videregående skole som gjer elevane til spesialistar på mellom anna boring etter olje og gass.
Lærar Reidar Gjesdal og rektor Anne de Lange med det nye hydraulikkutstyret til Bergen maritime videregående skole som gjer elevane til spesialistar på mellom anna boring etter olje og gass. (foto: Bjarte Brask Eriksen)

Utgått på dato
Det gamle utstyret var heilt utgått på dato, og egna seg ikkje for undervising lenger.
– Hydraulikk-utdanninga har vore nedprioritert i Reform-94. Vi hadde nesten ikkje utstyr til hydraulikk-opplæring. Før reform-94 var hydraulikk eit fag, så forsvann faget ut og vart lagt til fagskulen, men no er det kome inn att i vidaregåande skule. Vi har vi sjølv gjort noko grep for å kunne tilby opplæring i faget, seier rektor Anne de Lange.

Samarbeid med Høgskolen
I tillegg til at skulen har kjøpt utstyr sjølv, har dei inngått samarbeid med Høgskolen i Bergen og fått låne hydraulikk-utstyr av dei.
– Vi driv opplæring både av eigne elevar, og tilsette i industrien. Vi køyrer kurs for fleire firma, seier lærar Reidar Gjesdal. Dei som tek utdanning i faget blir spesialistar på mellom anna boring etter olje og gass i Nordsjøen.

Simulering på datamaskin
Det nye hydraulikk-utstyret omfattar ein hydraulikkbenk pluss datamaskin med programvare. I tillegg disponerer skulen ein opplæringsbenk som tilhøyrer Høgskolen. Elevane lærer først å teikne koplingsdiagrammet på tavle og etterpå koplar dei opp i praksis på hydraulikkbenken.
– Før var det mykje teori og lite praksis då vi hadde lite utstyr. No kan elevane køyre både simulering på datamaskinen og oppkopling i praksis. Elevane som tek dette faget, er etterspurde og får seg arbeid med ein gong. Vi har og bra søknad til utdanninga, seier lærar Reidar Gjesdal.

Bjarte Brask Eriksen 02.02.2009 13:09
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart