Alle i Bergen kan no vaksinere seg mot svineinfluensa. Det skjer på Brann stadion og Fyllingsdalen sykehjem kvardagar kl. 14 til 19.
Vaksineringa kostar 50 kroner og du må ha med personnummer (11 siffer). Enkelte grupper bør ikkje vaksinere seg. Informasjon om dette på www.bergen.kommune.no/svineinfluensa. Alle innbyggjarar vert oppmoda om å ta vaksine.
No er det lurt å vaksinere seg før Bergen kommune trappar ned vaksineringa. Siste dag før jul med vaksinering er fredag 18. desember. I veke 52 og 53 er vaksinasjonsentra stengt.
Ved å vaksinere deg, unngår du å bli sjuk. Dessutan blir ikkje viruset spreidd vidare til familiemedlemmer og andre du har nær kontakt med. Dette vil igjen bidra til å stoppe smittespreiinga i samfunnet.
Det er gunstig å vaksinere seg no mens talet sjukdomstilfelle er nede i ein bølgjedal. Vi ventar ein ny bølgje av sjukdomen seinare.
Informasjonstelefon om vaksinering: 55 56 77 00
Meir informasjon hos Bergen kommune
Meir informasjon hos Hordaland fylkeskommune