Startar Kulturelt utviklingsprogram med 7 mill. kr i 2010

Hordaland fylkeskommune si nysatsing Kulturelt utviklingsprogram (KUP) skal setjast i verk i 2010. På budsjettet for neste år har fylkestinget løyvd 7 mill. kr til KUP.

Programsatsingar
KUP skal vere eit verkemiddel for større, klart definerte programsatsingar. Programmet skal på sikt dekkja breidda i kulturlivet, men fordi det er snakk om større satsingar, må ein prioritere nokre få programområde om gongen.

Regionalt kulturforum
Programområda skal utformast i samråd med kulturlivet i fylket og det skal opprettast eit rådgjevande organ som får namnet Regionalt kulturforum.

To søknadsrundar
Det vert årleg to søknadsrundar om prosjektmidlar frå KUP. Det skal også vera mogleg  å senda inn prosjektidear, som vert samla i ein idebank. Søknadsprosessen og tilråding av søknader skal gjennomførast på ein måte som er – og vert oppfatta som – transparent og objektiv.

Investeringar
KUP skal i prinsippet ikkje fullfinansiera prosjekt, men det kan vera ulike grader av medfinansiering som også kan variera frå program til program. Det vil ikkje kunna søkjast om tilskot til drift og investeringar, berre til prosjekt.

Kultur- og ressursutvalet
Kultur- og ressursutvalet skal vera politisk avgjerdsorgan for programområde, tildelingskriterium og tildelingar.

Stanley Hauge 10.12.2009 14:26
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart