Hordaland fylkeskommune skal tildele pengar til lokalt folkehelsearbeid, miljø, friluftsliv og nærmiljøanlegg. Søknadsfristen er 15. februar.
Fylkeskommunalt tilskot til folkehelsearbeid
Fylkeskommunen tildeler midlar til gode lokale utviklingstiltak som har som mål å skape gode levekår og å balansere sosial ulikskap.
Søknadsfristen er 15. februar kvart år. Kommunar, regionale aktørar og friviljuge organisasjonar kan søkje.
Søk om midlar til lokalt folkehelsearbeid og friluftsliv 2012
Alle fylkeskommunale tilskotsordningar
Utlysing av midlar til turløyper - søknadsfrist 18. mars
Aktuelle nasjonale tilskotsordningar
Moglegheitene for å søkje på folkehelsetilskot i Noreg er mange, diverre finnes det ikkje ei nasjonal oversikt over tilskotsorningar. Ca. 7 milliardar kroner vert kvart år løyvd til folkehelsearbeid frå m.a. dei ulike direktorata, eu-prosjekt, fylkeskommunane, frivillige, og næringslivet (Vik, 2010).
Under finn du døme på mange ulike tilskotsordningar. Under "andre nettstader" i menyen til høgre finn du dei mest populære ordningane.
Merk: Din organisasjon bør ta eit verdival på kven de ønskjer å få støtte frå.
- Tips 1: Tenk på ordvala i søknadane dine - ikkje alle veit kva folkehelse er.
- Tips 2: Gjennom "Partnarskap for folkehelse i Hordaland" kan du samarbeide med frivillige organisasjonar som kan søkje fleire tilskotsordningar.
Andre aktørar og tilskotsordningar i Noreg