
Tobias Apeland og Maria Myrtveit hadde stilt seg opp med eit stort heimelaga banner med påskrifta ”Gje oss bøkene tilbake”. Fire andre kollegaer frå Rød Ungdom stod plassert ved inngangsdøra til Bergen Kongressenter. Dei bad fylkespolitikarane om å levere inn skaspapira sine før desembertinget starta. Parolen var at når dei må lese skulebøkene på internett bør politikarane kunne gjere det same med sine sakspapir.
- Dårlegare læring
- Me har samfunnsfag på internett, eit viktig fag. Dei digitale lærebøkene til NDLA () har lettare stoff enn i lærebøkene, meiner Maria Myrtveit.
Maria Myrtveit frå Rød Ungdom vert intervjua av NRK Hordaland før fylkestinget tysdag 8. desember. Partikollega Tobias Apeland t.v.
Eleven på Tanks vidaregående skole peikar på at ein les 25prosent saktare på nett enn i vanlege bøker, noko som heilt klart går utover læringa, understrekar ho. Eit anna poeng er at ressurssterke foreldre kjøper inn skulebøker, slik at det vert skapt eit skilje mellom elevar med og utan ressursterke foreldre. Staten sin lovnad om gratis skulebøker i vidaregåande skule fungerer ikkje etter planen då internettsidene per i dag ikkje er så bra som skulebøkene.
- Er ikkje dette å gå baklengs inn i framtida?
- Nei. Sjølv om mykje er bra med internett, burde dei berre vore eit supplement til lærebøkene. Særleg sidan dagens er for dårlege, hevdar Myrtveit.
- Urettvist
- Når politikarane tvingar oss til å lese våre lærebøker på nett, bør dei kunne gjere det same og unnvere sine skriftlege sakspapirer, meiner Linn Mjelstad. Ho stod i døra saman med Stian Hui, Jonas Tjeldflaat og Tobias Presttun. Oppmodinga om å levere frå seg sakspapira møtte ikkje særleg respons hos dei folkevalde.
- Me føler dette utvatnar gratisprinsippet, og vil vise politikarane våre korleis me har og kjenner det, seier Mjelstad.
- Politikarane printar ut sakspapir for fleire millionar kroner årleg, pengar dei kunne brukt til skulebøker, meiner Hui.
Linn Mjelstad (t.v), Stian Hui, Jonas Tjeldflaat og Tobias Presttun fekk støtte av Raudt-representanten Terje Kollbotn ved inngangsdøra til Bergen Kongressenter i forkant av desembertinget.
- Dei ville gi frå seg sakspapira etter møtet. Kanskje dei vil ha våre skulebøker når me har lest dei, undra Mjelstad og Hui.
Raudt-representanten Terje Kollbotn lova sine kollegaer i ungdomspariet å ta opp saka i fylkestinget.

Fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg veksla nokre ord med Rød Ungdom før fylkestinget vart opna.